Førebur avvikling av godkjenningsordninga i fritt behandlingsval

Stortinget vil ta stilling til om godkjenningsordninga i fritt behandlingsval skal avviklast i desember. Helse Vest vil sørgje for at pasientar blir varetekne på ein god måte ved ei avvikling av godkjenningsordninga fritt behandlingsval frå 1. januar 2023.

Mann i hvit skjorte. Foto.
Bjørn Egil Vikse. Foto: Hanne Tveit, Hike

Regjeringa har fremma forslag om å avvikle godkjenningsordninga i fritt behandlingsval. I lovproposisjonen som vart fremma for Stortinget 21. oktober, kjem det fram at ordninga kan avviklast frå og med 1. januar 2023. Det er no opp til Stortinget å fastsetja endeleg tidspunkt for avvikling.​ 

– Vi har skaffa god oversikt over kor mange pasientar som må endre behandlingsstad om ordninga blir avvikla og vi har kartlagt ledig kapasitet i eigne helseføretak og hos avtalepartane våre. Ved ei avvikling vil vi sørgje for at pasientar blir varetekne på ein god måte Er det trong for å utvide behandlingstilbodet skal vi sjølvsagt sjå på moglegheitene for det òg. Vi er opptatt av å vareta pasientane dette gjeld, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. 

​Framleis valfri​heit

I ei høyring i regi av Stortingets helse- og omsorgskomité tidlegare i november, gjorde Vikse greie for behova ein ser og tiltaka som vil bli sett i verk på Vestlandet for å vareta behovet til pasientane ved ei eventuell avvikling av godkjenningsordninga fritt behandlingsval.  

Pasientar skal framleis få velja kvar dei ønskjer få behandling, men frå 1. januar 2023 vil dei berre kunna velja mellom offentlege behandlingsstader og private verksemder som har avtale med eit regionalt helseføretak. Pasientane vil ikkje lenger kunna velje seg til ei privat verksemd som er godkjend etter forskrifta for fritt behandlingsval.   

​Positiv til avvi​​kling 

Helse Vest RHF stiller seg positive til ei avvikling av godkjenningsordninga i fritt behandlingsval.
 Ordninga kan verke uklar når det gjeld sørgje-for-ansvaret til det regionale helseføretaket, sidan vi betaler for ei teneste utan å ha innverknad på innhaldet i tilbodet, seier Vikse.
​ Ordninga gir ikkje, slik vi ser det, eit nyttig bidrag til spesialisthelsetenesta. Det er dessutan utfordrande for sjukehusa å bemanna og dimensjonera eigne tilbod når veksten i fritt behandlingsval-ordninga er så stor som ho har vore dei siste åra, seier Vikse.  

Vikse understrekar også at det heller ikkje er store tal me snakkar om når me snakkar om bruk av FBV på Vestlandet. 

Ordninga påfører likevel spesialisthelsetenesta kostnader utan moglegheit for kontroll, tilsvarande 95 millionar i Helse Vest i 2021. Berre på området for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) blei det utbetalt heile 57 millionar frå helseføretaka i Helse Vest til Helfo-godkjende institusjonar i 2021. Dette utgjorde 4,2 prosent av kostnadene til TSB-feltet same år. 

​Størstedelen gjeld rusbehandling 

Fritt behandlingsval omfattar psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), og utvalde tenester innan somatikk, habilitering og rehabilitering.  

Aktiviteten ein finn innanfor somatikk i FBV-ordninga er avgrensa og dreier seg i hovudsak om konsultasjonar og enkle utgreiingar innan hjarte-kar og undersøkingar av mage og tarm. Innan psykisk helsevern er også aktiviteten innan ordninga avgrensa. Det er eit fåtal aktørar som leverer tenester her i dag.  

​I Helse Vest er forbruket størst innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Kapasiteten for døgnbehandling i Helse Vest blir vurdert å vera god, og slik det ser ut no nok til å vareta dei pasientane som treng det, også frå nyttår. Størstedelen av plassane innan fritt behandlingsval på TSB-feltet har  vore døgnplassar, og i 2021 var det i gjennomsnitt 39 pasientar innlagt til kvar tid i Helfo-godkjend institusjon. På same tid var det i gjennomsnitt 77 ledige døgnplassar i helseføretaka på Vestlandet eller andre private institusjonar som har avtale med det regionale helseføretaket.  

Fagdirektøren konkluderer derfor førebels med at det er god kapasitet i tenesta:  
– Behandlinga i sjukehusa har også på TSB-området i vesentleg grad gått over til eit meir poliklinisk tilbod. Dette er meir i tråd med moderne behandlingsretningslinjer. I tillegg har me framleis eit breitt spekter av tilbod med kortare og lengre opphald i ulike institusjonar i regionen vår. 

Sjå meir informasjon på Helfos nettsider: Fritt behandlingsvalg (FBV)