Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Forslag til priskandidatar til Helse Vests forskingspris og innovasjonspris 2022

Prisane blir delte ut på Forskingskonferansen i Helse Vest, som i år vart halden på Solstrand Hotel og Bad på Os, like utanfor Bergen. Ny frist for å kome med forslag til priskandidatar er 26. september 2022, kl. 16.00.

Publisert 21.09.2022
Sist oppdatert 28.04.2023
Grafik grønn bakgrunn, hvite emblem med sykehusrelaterte innhold

​Det skal også delast ut pris til ung forskar. Dette er ein nyare pris som fokuserer på talentfulle unge forskarar (under 40 år) innanfor helsevitskapane i regionen. Prisen er eit samarbeid mellom institusjonane som deltek i Det regionale samarbeidsorganet i for forsking og innovasjon i Helse Vest.

Forslagsskjema

Forskingspris

Innovasjonspris

Pris til ung forskar

Skjema kan sendast på e-post til forskning@helse-vest.no

Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon har oppnemnt to komitear, éin for innovasjonsprisen og éin for forskingspris og pris til ung forskar, som skal vurdere forslaga. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.​

Meir om prisane som skal delast ut i 2022:

Forskingsprisen i Helse Vest

Prisen skal tildelast forskar eller forskingsmiljø  som gjennom si forsking har bidrege til å styrkje eit forskingsfelt eller eit forskingsbasert helsetenestetilbod. Forskinga skal vere av ein karakter og standard av betyding for forskingsnivået og/eller tenestetilbodet i regionen.

Det kan fremjast forslag til kandidatar (forskar, forskingsmiljø eller ung forskar) som har bidrege til utvikling av:

  • eit forskingsområde
  • forskingssamarbeid-/miljø eller
  • som gjennom si forsking har forbetra klinisk praksis i Helse Vest.

Den årlege forskingsprisen i Helse Vest består av 200 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare forsking.

Sjå også retningslinjene

​Innovasjonsprisen i Helse Vest

Formålet med prisen er å stimulere til økt innovasjonsaktivitet i føretaksgruppa, gjennom å løfte fram vellykka innovasjonsprosjekt og innovatørar.

Helse Vest deler ut innovasjonsprisen til éin eller fleire personar som gjennom dei siste tre åra har bidrege til å utvikle ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt i helsesektoren.

Prisen kan bli tildelt med utgangspunkt i både forskingsdrevet og behovsdrevet innovasjon. Produktet, prosessen eller tenestene skal vere tekne i bruk, og det skal gjerast greie for nytten innovasjonen har for sjukehuset og/eller pasientane.

Innovasjonsprisen består av 100 000 kroner og eit kunstverk. Prisbeløpet skal nyttast til vidare innovasjonsarbeid​.

Sjå også retningslinjene

Pris til ung forskar

Formålet med prisen er at han skal vere ein inspirasjon og ei påskjøning for lovande, unge forskarar. Kandidaten må vere 40 år elller yngre i nominasjonsåret. Dette er ein felles pris for institusjonane som inngår i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon: Helse Vest RHF, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Prisen består av kr 100 000 og eit kunstverk.

Sjå også retningslinjene