Oppdaterte planar for ein auke av intensivkapasiteten i Helse Vest

Dersom behovet skulle oppstå som følgje av pandemien, er det mogleg å auke talet på intensivplassar på sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen og Helse Stavanger frå 56 til 106. Det viser oppdaterte tal Helse Vest har samla.

Helsemedarbeider i smittevernutstyr med sprøyte. Foto.

I ein normalsituasjon er det 56 intensivplassar på sjukehusa i Helse vest – det vil seie til saman for sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sjukehus og Helse Stavanger. I tillegg har sjukehusa på Vestlandet eit tal overvakings- og intermediærsenger, som også behandlar alvorleg sjuke pasientar, men som ikkje treng respirator. Slike senger utgjer ein viktig del av beredskapen.

Helse- og omsorgsdepartementet har nyleg bede om status for kva intensivkapasitet som kan etablerast i tillegg til dei ordinære plassane, på kort sikt. Sjukehusa i Helse Vest har derfor gått gjennom tidlegare opptrappingsplanar og oppdatert desse.

Dei oppdaterte tala viser at det til saman på sjukehusa i Helse Vest er planar og moglegheit for å kunne auke talet på intensivpasientar i ein pandemisituasjon til 106. Talet på intensivplassar som kan drivast i ein avgrensa tidsperiode, kan aukast til 191. Denne oversikta er altså avgrensa til det sjukehusa definerer som intensivsenger.

​​​Frå 56 til 106  

– Det er mogleg å auke intensivkapasiteten på kort sikt i Helse Vest, dersom behovet skulle oppstå som følgje av pandemien. Men det er viktig å ta med seg at ein vesentleg auke i talet på plassar vil bety at standarden vil bli lågare – og at ressursane må takast frå andre delar av sjukehusa i ein slik situasjon – noko som sjølvsagt endrar kapasiteten totalt sett, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

​Her er tala som er samla i Helse Vest nyleg:

​​​​

1. Talet på intensivsenger - ordinært  ​

​2. Talet på intensivpasientar - pandemi  ​

3. Talet på intensivsenger - maksimal

​Helse Førde

​2

​​3

​5

​Helse Bergen

​32
(inkl. Voss)

​66
(inkl. Voss)

​113
(inkl. Voss)

​Helse Fonna

​8
(inkl. Stord)

11
(inkl. Stord)

13
(inkl. Stord)

​Helse Stavanger

​8

​20

​48

​Haraldsplass Diakonale Sykehus

​6

​6

​12

​Til sammen i Helse Vest

​56

​106

​191

​Kompetente medarbeidarar 

Kvinne i sort kjole, smiler. Foto.

Administrerende direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne. Foto: Kjetil Alsvik.

Noko av det vi har knappleik på, er kompetente medarbeidarar. Tilgang på smittevernutstyr, respiratorar, lokale eller forbruksmateriell er ikkje lenger ein knappleik, slik det var tidleg i pandemien.

– Sjølv om sjukehusa har drive omfattande opplæring, er den avgrensande faktoren framleis kompetent personell og eventuell sjukdom eller anna fråvær hos medarbeidarane på sjukehusa. Dette er medarbeidarar som allereie har stått i belast​ing over tid under pandemien, seier Bryne.

Les meir:  

Spesialistar ved Haukeland universitetssjukehus om den kombinerte satsinga på intensiv- og overvakingssenger i Dagens Medisin.

Vi har samla svar på spørsmål som mange lurer på under pandemien.​