Ringstad går av som styreleiar i Helse Førde

Jorunn Ringstad har bede om fritak frå vervet som leiar for styret i Helse Førde frå i dag, grunna eiga helse.

Styreleiar Jorunn Ringstad, styreleiar i Helse Førde. Portrett.
Foto: Helse Førde / Vegard Fimland

Jorunn Ringstad har vore medlem av føretaksstyret i Helse Førde i ti år og styreleiar sidan 2012.

– Ringstad har bidrege med solid bakgrunn og erfaring i den gode utviklinga vi har sett i føretaket desse åra, og vi set stor pris på innsatsen ho har lagt ned. Når ho no ber om å bli friteke frå vervet, respekterer vi sjølvsagt det,  seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.

Nestleiar i styret, Agnes Landstad, vil vere fungerande styreleiar i Helse Førde inntil ny styreleiar blir oppnemnd av Helse Vest.