Solid faktagrunnlag i Odda-prosjektet

Onsdag denne veka var det nytt møte for prosjektgruppa for Odda sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Luftambulanse, analysar av behovet for sjukehustenester framover og status frå arbeidsgruppene stod på agendaen.

Odda sjukehus, fasade. Foto.
 

– Det var eit godt møte og det blei lagt fram interessante analysar og meiningar om notid og framtida for Odda sjukehus. Eg er sikker på at faktagrunnlaget vi får er grundig og godt, og at vi vil ha dei beste føresetnadene når prosjektet skal gi sine anbefalingar om korleis vi kan gi innbyggarane dei tenestene dei treng framover. Vi har også mange gode diskusjonar i gruppa. Skulle ikkje prosjektgruppa vera sams i alle anbefalingane, vil vi leggje vekt på å få fram dei ulike syna også,  sa prosjektleiar Helge Bryne etter møtet.

Ekstern kvalitetssikring

Eit nytt moment i prosjektet er ekstern kvalitetssikring. Ein vil følgje føringane for dette frå sentralt hold og lyser no ut konkurransen for å gjera avtale med leverandør for dette.

– Den eksterne gjennomgangen er ei ordning for planarbeid, og vil vere ein gjennomgang for å sikre  informasjonen og analysane slik det kjem fram i rapporten vår, forklarar Bryne.

Prosjektrapporten

Neste prosjektmøte er 8. desember og arbeidet blir avslutta med eit siste møte i prosjektgruppa 19. desember. Etter dette siste møtet vil prosjektgruppa sin rapport vere klar. Han vil ha ein faktadel som innleiing, ei omtale av Odda sjukehus i dag og anbefalingar for utviklinga vidare. For dette, siste, er det også sett ned fire arbeidsgrupper, som legg fram sine rapportar 1. desember.

Dei fire arbeidsgruppene er:

  • Tilbod til pasientgrupper som har behov for spesialisthelsetenester ofte, mykje og nært (desentraliserte poliklinikkar, dag- og døgntilbod)
  • Samarbeid kommunar og Helse Fonna - somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling
  • Dagkirurgisk tilbod
  • Akuttilbod for innbyggarane i området til Odda sjukehus

Rapporten vil så bli sendt eigarane av prosjektet, Helse Fonna og Helse Vest, for vidare behandling her på nyåret. Det er også lagt opp til ei brei høyring av rapporten før styra i helseføretaket og det regionale helseføretaket skal ta stilling til han.

Meir informasjon om prosjektet og grunnlaget