Tettare samarbeid om arbeid og helse

Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet skal jobbe tettare saman for å møte store utfordringar som fråfall i skulen, integrering og sosial ulikskap.

Pleier tar blodprøve av pasient. Foto.
Foto: Eivind Senneset

​– Målet er å få fleire i arbeid, seier Sigrun Vågeng, arbeids- og velferdsdirektør og Bjørn Guldvog, helsedirektør.

Dei to har no gått saman om ein ny strategi som skal gi personar i yrkesaktiv alder nødvendig, heilskapleg og koordinert hjelp til å delta i arbeidslivet.

Å ha jobb er bra for helsa​

​Mange internasjonale studiar viser at mangel på arbeid ofte har negative konsekvensar for helsa, og at det motsatte, nemlig det å vere i arbeid, oftast er helsefremjande.

God helse i befolkninga fremjer på si side sysselsettinga. Langt fleire bør få moglegheita til å arbeide sjølv om dei har eit helseproblem – og å arbeide så mykje som helsa tillet, står det blant anna å lese i strategien.

Du kan l​ese heile saka på helsedirektoratet.no

Raskare tilbake​​​

I Helse Vest har vi tilbodet Raskare tilbake, som er eit tilbod til deg som er eller står i fare for å bli sjukemeld. Tilbodet skal rettast mot personar der behandling i spesialisthelsetenesta vil sikre raskere tilbakevending til arbeidslivet. 

Raskare tilbake er eit av tiltaka som blir omtalt i den nye strategien.