To ja og fire nei frå beslutningsforum

Pembrolizumab (Keytruda) blir innført til behandling av ikkje-småcella lungekreft. Dette var ein av seks metodar som Beslutningsforum vurderte. Ytterlegare eitt legemiddel blir innført, mens fire andre metodar fekk nei.

Blodprøve i glass. Foto.
 

Beslutningsforum for nye metoders oppgåve er å seie ja eller nei til å innføre nye, ofte kostbare, metodar i norske offentlege sjukehus. Avgjerslene blir tekne etter ein grundig vurdering av metodane. Legemiddel blir vurderte av Statens Legemiddelverk, i såkalla metodevurderingar.

I Beslutningsforums møte 26. september 2016 sto seks metoder på sakslista.

Les utfalla på nettstaden til nyemetoder