Vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Ring 113!

Har du mistanke om hjerneslag, skal du ringje 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma, kan du redde liv.

Indisk kvinne løfter begge armene og smiler. Hjerneslagkampanje, Foto. Tekst på bildet: Prate løfte smile.
 

Hjerneslag oppstår plutselig og kor som helst, og kvart år blir rundt 12 000 ramma i Noreg.

Alle kan hamne i ein situasjon kor det er avgjørande å kjenne igjen symptoma på hjerneslag.  Om nokon plutselig får problem med å prate tydelig, smile eller løfte armane over hovudet, må du ringje 113 så fort som mogleg.

Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve, eller pårørande, ofte er det forseinkande leddet i behandlinga av hjerneslag. Dei kjenner ikkje at symptoma og venter for lenge med å kontakte helsetenesta.

Kvart sekund tel

Dersom den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling er moglegheitene større for å unngå varige skader.

Det er grunn til å tru at mange venter med å ringje 113 fordi dei er usikre på om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å vere til bry.

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringje 113 om du er i tvil – det er deira jobb å vurdere alvoret i situasjonen. Ring heller 113 ein gong for mykje enn for lite.

Fakta om hjerneslag

  • I Noreg får rundt 12 000 hjerneslag kvart år. Hjerneslag er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaka til alvorleg funksjonshemming og langvarig institusjonsomsorg.
  • Hjerneslag oppstår plutseleg på grunn av ein blodpropp eller bløding i hjernen.
  • Hjerneslag kan ramme både ung og gammal. Risikoen aukar med alderen, og gjennomsnittsalderen for dei som får hjerneslag for første gang er 75 år for menn, og 78 år for kvinner. Tre av fire som får hjerneslag er over 70 år.
  • Problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet er vanlege symptom.
  • Prognosen er betre jo tidlegare den som er ramma av hjerneslag kjem til behandling. På sjukehuset kan pasienten behandlast med blodproppoppløysande middel eller mekanisk fjerning av proppen.  To millionar hjerneceller døyr kvart minutt dei første timane etter at eit hjerneslag inntreffer.


helsenorge.no/hjerneslag