Personvern

Personvernreglane seier korleis ei verksemd som samlar inn personopplysningar, skal behandle desse opplysningane med tanke på korleis dei blir sikra, kven som eventuelt har tilgang til dei, og om dei blir utleverte til andre.

Nye personvernreglar i 2018 (Datatilsynet)

E-post

Du kan kontakte oss via e-post. Når du har sendt oss ei melding, blir namnet ditt, e-postadressa di og innhaldet i meldinga lagra. Det er derfor viktig at du ikkje sender sensitiv informasjon eller personopplysningar i e-posten, for eksempel fødselsnummer eller helseopplysningar.

Gi tilbakemelding på nettsidene

Du kan gi tilbakemeldingar på nettsidene via skjemaet «Fann du det du leitte etter?». Skjemaet ligg på eit utval av nettsidene våre. Tilbakemeldingane blir brukte som innspel til å forbetre og utvikle nettsidene.

Dersom du skriv inn telefonnummer, personnummer eller e-postadresse, blir desse opplysningane automatisk sletta før innsending. Vi som får tilbakemeldinga, får derfor aldri tilgang til denne typen opplysningar. Slik har vi gjort tiltak som gjer at du ikkje blir identifisert.

Lenkjer til andre nettstader

Vi lenkjer til andre organisasjonar og nettstader. Personvernerklæringa på denne nettstaden omfattar ikkje andre nettstader. Når du besøkjer andre nettstader, bør du derfor lese personvernerklæringa deira, slik at du får informasjon om korleis dei handterer personopplysningar.

Lagre besøksstatistikk

Nettstaden lagrar trafikk-/besøksstatistikk. Statistikken viser kor ofte kvart enkelt område av nettsida blir besøkt. Vi kan ikkje spore bruken av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Eksempel på informasjon som blir lagra: kor mange besøkjande det er på dei ulike sidene, informasjon om kva for ei nettside du var på før du kom inn på nettstaden vår (URL-adressa du kom frå), kor lenge du er på nettsida, og kva for ein nettlesar du bruker. Informasjonen som blir lagra, bruker vi til å vidareutvikle tilbodet og innhaldet på nettsida og gjere det betre.

Løysinga for besøksstatistikk er basert på Universal Analytics, og nettstaden bruker ei innstilling som anonymiserer IP-adressa til lesaren, slik at ho ikkje blir lagra hos Google eller i helsenorge.no.

Dersom du likevel ikkje ønskjer at nettstaden skal samle inn anonyme data frå deg, kan du melde deg av denne innsamlinga på følgjande adresse:

http://tools.google.com/dlpage/gaoptout?hl=en

Her kan du installere ei teneste på nettlesaren din som er levert av Google Analytics. Tenesta (ein såkalla add-on) kan installerast både på Chrome, Explorer 11, Safari, Firefox og Opera.

Om lagring av søkjeord

Vi lagrar informasjon om kva slags søkjeord du bruker når du søkjer på nettstaden. Formålet med det er å gjere informasjonen vår betre og meir tilpassa behova til brukarane. Vi kan mellom anna finne ut kva for søkjeord som gir treff, og kva for søkjeresultat du vel. Det er berre søkjeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om deg.

Definisjonar:

Personopplysningar er opplysningar eller vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson, for eksempel namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse, bilnummer, bilete, fingeravtrykk, irismønster, hovudform (for ansiktsidentifisering) og fødselsnummer (både fødselsdato og personnummer).

Opplysningar om åtferdsmønster er òg rekna som personopplysningar. Opplysningar om kva du handlar, kva slags butikkar du går i, kva for TV-seriar du ser på, kvar du bevegar deg i løpet av ein dag, og kva du søkjer etter på nettet – alt dette blir rekna som personopplysningar. Ei av dei nyare utfordringane for personvernet er at vi legg igjen så mange digitale spor. Desse opplysningane blir ofte utnytta kommersielt utan at du har samtykt til det.

Sensitive personopplysningar er opplysningar om etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, helseforhold, seksuelle forhold, medlemskap i fagforeiningar og opplysningar om at ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling.

Teksten er godkjent per 1. februar 2018 – med endringar per 5. april 2018.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.