3 i Helse Vest RHF. Kva arbeider dei med?

​Gjertrud Jacobsen​​

Stilling/tittel​​​

Seniorrådgivar i fagavdelinga

Utdanning​​​​​

Hovudfag i statsvitskap (I dag: Master i statsvitskap)

Kva gjer du i Helse Vest?​

Eg jobbar i fagavdelinga i Helse Vest. Arbeidsoppgåvene mine er svært varierte, med blant anna plan-, utgreiings- og prosjektarbeid. Eg jobbar òg med laboratorie- og radiologiske tenester. Dette omfattar både tenestene i føretaka og kjøp hos private leverandørar, og betyr blant anna at eg gjer behovsvurderingar og utarbeider anbodsdokument. Eg jobbar òg ein del med nasjonale og regionale tenester.

Kva er spennande med jobben din?​​​​​

Jobben er spennande fordi han er variert og gjer det mogleg å samarbeide med dyktige fagfolk her i det regionale helseføretaket, i våre eigne helseføretak, i dei andre regionale helseføretaka, og med sentrale helsemyndigheiter. Eg synest det er meiningsfullt å ha ein jobb som dreier seg om eit så viktig felt som spesialisthelsetenesta.

Kva slags utfordringar møter du i jobben ​​din?​

Å arbeide i krysninga mellom fag og politikk er spennande i seg sjølve, om det også til tider kan vere utfordrande.

​Bjarki Freyr Gudmundsson​​​​

Stilling/tittel​​​​​

Rådgivar innanfor analyse og styringsinformasjon.

Utd​​anning​​

Bachelor i økonomi

Kva gjer du i Helse Vest?​

Sjukehusa melder kvar månad inn ei stor mengd helsefagdata til det regionale helseføretaket (kapasitetsanalyser innføre poliklinikkane, ventetider og fristbrot ved sjukehusa, kor mange som er sjukmelde osv.). Desse dataa gir oss svar på om føretaka blir drivne på best mogleg måte.

Min jobb går ut på å gjere denne enorme dat​amengda forståeleg for dei som jobbar med planlegging i sjukehusa, med økonomi eller med personal- og organisasjon, slik at dei kan bruke dataa til å planleggje betre, til å gjøre sjukehusa meir effektive og arbeidskvardagen for medarbeidarane våre betre.

Kva er spennande med jobben di​n?​​

Det er spennande å sjå korleis eg kan ta store mengder uforståelege tall og presentere dei på ein måte som er lett å forstå for dei som driv med planlegging. Her må eg vere både analytikar, pedagog litt designar i eitt. Eg har blant anna hatt gleda av å halde nokre kurs for helsearbeidarar i bruk av analyseverktøy, og det er givande å sjå korleis det eg lærer dei faktisk kan hjelpe dei til å gjere ein betre jobb. Dette kjem utan tvil pasientane til gode.

Kva slags utfordr​ingar møter du i jobben din?​

Vi er alle forskjellige og det er alltid litt forskjellige meiningar om kva som er bra og dårlege tal for ei avdeling. Mi oppgåve er å prøve å setje opp ein standard. Dette kan nokre gonger vere ei utfordring.​

Hanne Løvereide Årstad​​

​Stilling​/tittel​​

Seniorrådgivar/jurist i Eigaravdelinga

Utdan​nin​​g​​

​Juridisk embetseksamen (I dag: Master i rettsvitskap)

Kva gjer du i Helse Vest?​

Helse Vest RHF har i tråd med spesialisthelsetenestelova § 2-1a ansvar for å yte spesialisthelsetenester til befolkninga i Helse Vest. Desse tenestene blir ytte dels gjennom eigne helseføretak og dels gjennom avtalar med private leverandører av spesialisthelsetenester. Vi kjører anskaffingsprosessar i tråd med regelverket om offentle​ge anskaffingar, inngår avtalar med private leverandørar og følgjer opp desse avtalane.

Eg behandlar og gir råd i saker etter kvart som problemstillingar dukkar opp innanfor ulike rettsområde. Dette kan vere alt frå helserett, avtalerett, føretaks-/selskapsrett forvaltningsrett, spørsmål knytt til eigedom og personvern.  

Eg førebur og legg fram saker til styret i Helse Vest RHF og eigaravdelinga har òg sekretariatfunksjon for føretaksmøta.

Den statlege spesialisthelsetenesta er ein tung samfunnsaktør og er derfor bevisst på sitt samfunnsansvar innanfor miljø, klima og etikk. Spesialisthelsetenesta har også kulturminneansvaret i tilknyting til forvaltning av sektorens eigedomsmasse. Alle desse oppgåvene ligg også til eigaravdelinga.

Kva er spennande med jobben din?​​

Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi er fleire juristar i avdelinga som gjer at vi har eit godt fagmiljø. I tillegg samarbeider vi med ulike profesjonar som er spennande og gir stort læringsutbytte.

​Det er i tillegg spennande å jobbe innanfor eit fagfelt som er i endring. Forholdet mellom fag og politikk gjer at vi stadig møter utfordringar.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.