Lilla og rosa grafikk med tekst i hvitt: Inkluderingsdugnaden.

Inkluderingsdugnaden

Felles samfunnsoppdrag for å få fleire ut i jobb

Inkluderande rekruttering i Helse Vest

I 2018 lanserte Regjeringa Inkluderingsdugnaden, der hovudmålet er auka deltaking i yrkeslivet. Helse Vest er ein del av denne dugnaden, der eitt av måla er at minst fem prosent av nye tilsette skal vere personar med lengre opphald frå arbeidslivet eller nedsett funksjonsevne.

– Vi møter menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon dagleg. Å sikre inkludering og mangfald i rekrutteringa gir verdi, vi får kompetanse vi treng, og vi skapar gode miljø å arbeide i. Det er viktig at vi sjølve speglar det samfunnet vi arbeider på vegner av, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.

Dei administrereande direktørane i Helse Vest gjekk 7. juni inn for at inkluderande rekruttering skal vere satsingsområde i 2021. Dette er etter tilråding frå ei arbeidsgruppe med representantar frå alle føretak, og personal- og organisasjonsdirektørane.

Inkludering skal vere tema i møte med FAMU, tillitsvalde og verneteneste.

Eigne – og ofte ubevisste haldningar – kan medverke til at vi ikkje fangar opp alle dei gode kandidatane. Det er mange godt kvalifiserte søkjarar med ulik bakgrunn og kvalitetar, som kan bidra til eit allsidig og godt arbeidsmiljø. Våre verdiar respekt, kvalitet og tryggleik støttar også opp om dette. Det er laga kurs som skal hjelpe til med korleis vi rekrutterer i Helse Vest.

 
 

Sjå denne vesle tankevekkjaren, som set det heile på spissen:

 

 

Kva skal vi fokusere på for å nå måla våre?

  • Inkluderande rekruttering

  • løfte fram gode initiativ og tiltak som helseføretaka gjer i dette arbeidet
  • rapportere på tiltak som er tekne i bruk for å sikre god praksis for inkluderande rekruttering.
  • sikre at vi ikkje støyter ut medarbeidarar, eller bidreg til låg tilbøyelegheit for at medabeidarar blir uføre
  • ha eksisterande tiltak og rutinar for å sikre at eigne medarbeidarar ikkje fell ut, men gjere det mogleg å behalde eit arbeid dei er kvalifiserte for, er overorda ny rekruttering utanfrå
  • sørgje for at inkluderande rekruttering skal balanserast med kvalifikasjonsprinsippet ved tilsettingar
  • ressursgruppa skal levere ein skriftleg plan med eit klart målbilde på korleis føretaksgruppa kan gjennomføre inkluderande rekruttering, med forslag til ulike tiltak
  • ressursgruppa vil sjå arbeidet med inkludering og sjukefråværsoppfølging i samanheng som eitt tiltak
  • vidareføre godt IA-arbeid, som vil styrkje satsinga
  • bruke "springbrett" og/eller traineeordning skal vurderast for 2022.

Ressursgruppe i Helse Vest

  • Helse Bergen HF – Tone Hepsøe
  • Helse Fonna HF – Rita Riise
  • Helse Førde HF – Halvard Brekke og Inger Johanne Sætenes
  • Helse Stavanger HF – Jan Åge Moen
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus – Kristin Bjermeland
  • Helse Vest IKT – Elisabeth Skeide Larsen
  • Sjukehusapoteka Vest HF – Anne Midtun Reksten
  • Helse Vest RHF – Gina B. Holsen

Lenkjer

Semuligheter.no ​Regjeringen.noNAV Vestland NAV Rogaland Arbeidsgiverportalen DFØ
 

 

Grafikk, lilla og rosa, med teksten inkluderingsdugnaden 

 

Fann du det du leitte etter?