Jobbe hos oss

I sjukehusa på Vestlandet er det eit mangfald av jobbar, både innanfor helsefag, IKT, kokkefag, leiing, ingeniørfag og mykje anna. I det regionale helseføretaket finn du blant anna rådgivarar, juristar, økonomar, samfunnsvitarar, rekneskapspersonell og sekretærar.

​​​​​​​Helse Vest satsar på utdanning, og spesialisthelsetenesta har lagt til rette for eit vidt spekter med utdanningar du kan ta i samanheng med jobben i sjukehuset. I løpet av det siste året har spesialisthelsetenesta tilbydd læringsløp innanfor fleire område.

Dette er utdanning på vidaregåande nivå slik som lærlingar, og utdanning på høgskule- og universitetsnivå, slik som bachelor- og mastergrad, profesjonsutdanningar og spesialiseringar i sjukehusa.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.