Rapporten ”Strategi for helseregionen” skildrar dei ulike delprosjekta og tiltaka som Helse2020 har munna ut i. I juni 2011 blei revidert visjon vedteke av Helse Vest sitt styre.
Å fremme helse og livskvalitet er den visjonen for spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Felles visjon, verdiar og målsettingar er viktige for å nå måla.
Vår visjon: Vi skal fremje helse og livskvalitet
Formålet med all aktivitet i Helse Vest er å sørgje for at pasientane får eit så kvalitativt godt tilbod som mogleg. Oppgåvene skal løysast på ein måte som sikrar pasientane trygg, effektiv og likeverdig behandling av høg kvalitet. Helsetenestene skal medverke til god helse, livskvalitet og fremme pasientane si eiga meistring.
Å fremje helse og livskvalitet er visjonen for spesialisthelsetenesta på Vestlandet jobber etter. Felles visjon, verdiar og målsettingar er viktige for å nå måla.
Helse Vest har det overordna ansvaret for at oppgåvene til helseføretaka blir løyste i samsvar med helsepolitiske mål og prioriteringar innanfor dei økonomiske rammene og ressursane Helse Vest disponerer.
Strategien fram mot 2020
Gjennom prosjektet Helse2020 har Helse Vest i samarbeid med helseføretaka fått nyttig kunnskap om korleis framtida vil fortone seg for sjukehusa. På bakgrunn av denne kunnskapen blei det i 2007 vedteke ein strategi for helseregionen. Dette er fellesgods som skal gjelde for alle helseføretaka i Helse Vest.
Rapporten ”Strategi for helseregionen” skildrar dei ulike delprosjekta og tiltaka som Helse2020 har munna ut i. I juni 2011 blei revidert visjon vedteke av Helse Vest sitt styre.
Strategidokument
Miljøpolitikk