Kvinne og mann ser i kamera, grønn bakgrunn. Foto.

Helse2035

Vi skal utvikle pasienten si helseteneste og har utarbeidd den overordna strategien for spesialisthelsetenesta på Vestlandet fram mot 2035.

Styret i Helse Vest RHF vedtok strategien Helse2035 i styremøtet 11. mai 2017. Før det har strategien vore på høyring der eigne føretak, samarbeidspartnarar, eksterne aktørar og brukarane har fått seie si meining.

Helse 2035 strategi

Strategien er ambisiøs, og legg opp til store endringar i korleis Helse Vest skal yte helsetenester og ivareta samfunnsansvaret i åra som kjem: Betre samhandling, innovasjon og bruk av ny teknologi er viktige svar.

Strategien er tydeleg på utfordringa knytt til at vi har avgrensa ressursar - både økonomiske og menneskelege - samtidig som behovet for behandling i befolkninga og behandlingsmoglegheitene veks. Tydelege prioriteringar mellom behov, moglegheiter og tilgjengelege ressursar må til for å sikre ei berekraftig utvikling.

Måla for strategien er:

  • Trygge og nære helsetenester
  • God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet
  • Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling
  • Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Dei viktigaste endringane

I strategien er det lagt særleg vekt på dei områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Den er derfor bygd opp rundt utvalde tema:

  • Kvalitet og pasienttryggleik
  • Kommunikasjon og prioritering
  • Pasientar med fleire sjukdommar
  • Standardiserte pasientforløp
  • Eit einskapleg helsevesen
  • Strategisk samspel med dei private
  • Auka verdiskaping
  • Spesialisthelsetenester utanfor sjukehus
  • Forsking, innovasjon og teknologi
  • Våre medarbeidarar
  • Leiarskap
  • Struktur og organisering

Fire hovudoverskrifter

Temaa er strukturert under dei fire hovudoverskrifta

  • Pasientens helseteneste
  • Eitt helsevesen
  • Utvikling av helsetenestene
  • Medarbeidaren, leiing og organisasjon

Kontaktinformasjon​

Johnny Heggstad, prosjektdirektør

mobil: +47 908 73 767

Har du innspel til strategien? Send ein e-post til​ oss!

Presentasjonar frå strategisamlingar hausten 2016

Strategisamling Helse 2035 Bergen DEL 1.pdf

Strategisamling Helse 2035 Bergen DEL 2.pdf

Strategisamling Helse 2035 Førde DEL 1.pdf

Strategisamling Helse 2035 Førde DEL 2.pdf

Strategisamling Helse 2035 Haugesund DEL 1.pdf

Strategisamling Helse 2035 Haugesund DEL 2.pdf

Strategisamling Helse 2035 Stavanger DEL 1.pdf

Strategisamling Helse 2035 Stavanger DEL 2.pdf

Presentasjonar frå styreseminar hausten 2016​​

Styreseminar Helse 2035  DEL 1.pdf

Styreseminar Helse 2035  Furst.pdf

Styreseminar Helse 2035  Helse Bergen.pdf

Styreseminar Helse 2035  Helse Stavanger.pdf

Styreseminar Helse 2035  Stavanger kommune.pdf

Nyheitssaker om Helse2035​​

Strategi mot 2015 på høyring (3. februar 2017)

Stort engasjement for Helse2035 (7. oktober 2016)​

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.