Auka verdiskaping

Les heile rap​porten (PDF)

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 7:​​


​Bakgrunn og utfordringar:​

Behovet for spesialisthelsetenester vil auke sterkt i strategiperioden, truleg med rundt 40 prosent, men tilgangen til ressursar blir avgrensa. Det svarer til ein årleg produktivitetsvekst på 3 prosent. Det gir nye moglegheiter og nye utfordringar. Helse Vest må derfor ha evne til å utvikle seg og vere robust nok til å handtere dette. Det krev vidare ei digital modenheit og ein robust digital grunnmur for å kunne skape dei nødvendige endringane.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:​​

I 2030 opplever pasientane eit høgare servicenivå gjennom auka tilgjengelegheit og fleire sjølvbeteningsløysingar. Dei kan i auka grad medverke i tenesteutforminga og delta i val av eiga behandling, og dermed får dei betre moglegheiter til å meistre sitt eige liv så mykje at dei avlastar spesialisthelsetenesta.

​I 2030 er pasientforløpa endra, pasientinformasjon (data) er i stor grad registrert automatisk og/eller av pasienten sjølv, noko som gjer at meir tid kan nyttast til å behandle pasientar, og Helse Vest har eit system for elektronisk pasientjournal (EPJ) som ennå ikkje har støtte for avgjerder og arbeidsprosessar, men har klart å etablere ein standard for helsedata som kan brukast på nytt mellom ulike nivå i helsetenesta og med private tilbydarar.

Teknologiutviklinga gjer at kontrollar og enklare oppgåver som høgt spesialisert helsepersonell utførte tidlegare, no er overtekne av anna, mindre spesialisert helsepersonell eller av kommunehelsetenesta eller pasienten sjølv.

I 2030 er Noreg leiande innanfor helseforsking og helseinnovasjon. Det gjeld generelt, men òg innanfor teknologi og helsedata. Arbeidet dei siste 15 åra med «éin innbyggjar – éin journal» i den offentlege helsetenesta, som omfattar heile befolkninga, har bana veg for gjenbruk av verdifulle data og er unikt i verdssamanheng. Dette fortrinnet har gjort det mogleg å vere mellom dei landa i verda som har den beste helsetenesta også når det kjem til medisinsk diagnostikk og behandling.

Dei samansette utfordringane innanfor norsk folkehelse har vore møtte med ulike førebyggjande og tverrsektorielle tiltak basert på tilgjengelege helsedata som har kunna avdekkje sjukdomsårsaker, sjukdomsforløp og sjukdomsomfang i befolkninga.

​Desse områda har særleg stort potensial når vi skal auke verdiskapinga:​

  • Avansert oppgåveplanlegging
  • Brukarmedverknad
  • Standardisering
  • Automatisering og robotisering
  • Avgjerdsstøtte og analyse
  • Tettare samhandling med primærhelsetenesta
  • Tettare planlegging og samhandling med avtalespesialistane
  • Forsking og innovasjon
  • Funksjonsfordeling og organisering