Heilskapleg helsevesen

Les heile rapport​en​ (​PDF)

Oppsummering av rapporten frå temagrup​​pe 5:​​


Bakgrunn og utfordringar:​​

For pasienten er saumlause helsetenester og samhandling heilt grunnleggjande. Det vil seie at samhandlingsmønstra må utviklast vidare, og at ein må finne nye måtar å samarbeide på – til dømes ved å utvikle eit samanhengande nettverk mellom primær- og spesialisthelsetenesta, mellom somatikk, psykiatri og rusbehandling og eit samanhengande nettverk internt i og mellom sjukehusa.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppa:​​

Framover kan pasienten i større grad styre helsehjelpa. Det må skje innanfor forsvarlege rammer og prioriteringar og ved hjelp av nødvendig støtte frå pårørande, nettverk og profesjonelle. Korleis legg vi til rette for at pasienten sjølv kan koordinere tenestene?

Skal vi få til ei meir heilskapleg helseteneste, må det vere meir av likeverdig samhandling om verdig behandling og oppfølging. Pasienten må få større innverknad på eiga behandling, og det krev av vi legg opp til meir brukarstyring og recovery-basert behandling og omsorg. Ei heilskapleg helseteneste krev at spesialisthelsetenesta, kommunane og fastlegane arbeidar tettare, slik at vi kan sikre standardisert og individuell tilpassing side om side.

Føresetnadene:​

1. Byggje og endre kultur​​

For at pasienten skal bli involvert og engasjert i behandlinga, må tenestene flyttast nærmare der pasienten bur, og behandlinga og omsorga må i større grad enn dagens stafett ha form av lagspel mellom dei ulike nivåa.

2. Ta i bruk teknologi​

​Vi lanserer «det virtuelle vestlandshelsevesenet». IKT-løysingane må vere samkøyrde eller dei same. Med «éin innbyggjar, éin journal» har ein sjansen til å realisere det. Då må ein føresetje at det vil gjelde både spesialisthelsetenesta, inkludert avtalespesialistar og private, og alle ledd i primærhelsetenesta.

Blir datakjeldene betre og felles, kan måling, tiltak og læring av kvaliteten på tenestene bli meir effektive. Her ligg òg eit viktig grunnlag for at pasienten kan få meir innsyn, enklare dialog med tenestene og større sjanse til å delta, og for utviklinga av tilpassa velferdsteknologi.

Telemedisin kan òg utviklast betre for å kunne tilby meir heilskaplege tenester nærmare der pasienten bur.

3. Ny tenesteorganisering​

Både ein felles modell for forløpsklinikk i sjukehusa og ein modell for virtuelle tenester-nettverk på tvers av tenestene bør utviklast for å få betre utgreiing, behandling og oppfølging.

4. Flytte oppgåver / endre roller​​

Rolle- og oppgåvedelinga i helsetenestene vil vere styrt av pasientforløpet, ikkje av andre faktorar. Eit heilskapleg helsevesen vil seie at pasienten ikkje skal merke om det er kommune- eller spesialisthelsetenesta som yter tenestene. Tiltaka som kan verke, er å opprette ein regional modellverkstad med representantar frå brukarar, HF, fastlegar, kommunar og RHF og ein planverkstad knytt til kvart sjukehus med den same breie deltakinga.

5. Byggje og overføre kompetanse​

Kompetanse må byggjast på tvers av profesjonsgrenser, tenesteorganisering og nivå. Kva hjelp kan vi gi systema våre for å bidra med og dele kompetanse på ein eigna måte? Dialogen med utdanningsinstitusjonane er tett, slik at dimensjoneringa og samansetnaden av utdanningane fangar opp dei skiftande behova i tenestene.