Kvalitet, variasjon og pasienttryggleik

Les heile ra​ppo​rt​en (PDF)

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 1:


​​Bakgrunn og utfordringar:

I dag er arbeidet med kvalitet sterkt knytt til pasientskade og avvik, men temaet er breiare enn dette og heng mellom anna tett saman med variasjon, førebygging, pasientopplevd kvalitet, HMS, arbeidsmiljø og trivsel. Korleis skal Helse Vest ta dette området vidare?

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:​

Pasientbehandling er i dag ein komplisert prosess som involverer ulike profesjonsgrupper, avansert teknologi, medisinar med potensielt alvorlege biverknader, mange arbeidsoperasjonar, forskjellige fagdisiplinar, aukande nivå av spesialisering og samhandling mellom fleire nivå og aktørar. Kompleksiteten er i seg sjølv ein risikofaktor.

Framtidsbilete​​

  • Det kjem ein gevinst ​ut av møta mellom pasienten og helsetenesta. Å unngå alvorlege skadar er etablert som det styrande prinsippet for alt pasientarbeid.
  • Helsetenesta er prega av ein kultur der tryggleik for alle er eit overordna prinsipp, og der HMS, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetring er ein integrert del av all behandling og omsorg.
  • Det er ingen uforklarleg variasjon i tilbod og kvalitet.
  • «Helsetenesta til pasienten» er det styrande prinsippet for all organisering og oppgåveutføring.
  • Kompleksiteten i pasientbehandlinga blir adressert.
  • Vi handterer utfordringa knytt til antibiotikaresistens.

Plussvisjon for pasienten

«Møtet mellom medarbeidaren og pasienten/brukaren skal gi ein meirverdi.»

Det må komme ein positiv gevinst ut av møtet mellom pasienten og tenesteytarane. Gevinsten må vere positiv både på individnivå (opplevinga og resultatet av møtet) og på systemnivå (auka tillit til systemet og betre folkehelse). Det kallar vi ein «plussvisjon».

Nullvisjon for helsetenesta​

«Ingen pasientar døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av ytingar eller mangel på ytingar i helsetenesta.»

Det etiske grunnlaget for denne visjonen er at tap av liv eller alvorlege skadar er uakseptabelt. Pasienttryggleiksarbeid etter ein nullvisjon inneber at ein legg til grunn eit systemperspektiv der ein legg vekt på samspelet mellom medisinske, tekniske og organisatoriske element og menneska som bruker desse. Vi må unngå uønskte konsekvensar på grunn av feil i dette samspelet.

Pluss- og nullvisjonen byggjer på fire hovudprinsipp:​​

Etikk​​

  • Det blir lagt avgjerande vekt på at menn​eskeverdet er ukrenkjeleg.
  • Målet for alle møte mellom pasienten/brukaren og helsetenesta er å gi den hjelpesøkjande ein gevinst (verdi), til dømes eit godt medisinsk resultat, betre funksjon, smertelindring både mentalt og fysisk, eigenmestring og/eller betre livskvalitet.

Ansv​​arskjeda​

  • Dei som planlegg og utformar helseten​esta, er ansvarlege for kvaliteten og tryggleiken i møtet med pasienten.
  • Pasienten/brukaren og medarbeidarane er gjensidig ansvarlege for å samverke i dette møtet.
  • Dersom ein ikkje lykkast, går ansvaret tilbake til dei som er ansvarlege for systemet.

Tryggleiks- og kvalitetsfilosofi​​

  • Designen og funksjonaliteten til t​enesta må ta omsyn til at ingen er feilfri.
  • Kvaliteten i tenestene må jamleg vurderast utifrå perspektivet til pasienten/brukaren.
  • Organisasjonen blir utvikla gjennom viljen og evna til å utnytte den beste kunnskapen og må vere tilpassingsdyktig («resilient»)

​Driva​rar for forandring​

  • Innbyggjarane har​ ein legitim rett til å ha tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet.
  • For å oppnå og halde oppe tilliten til tenestene er vi opne om helsetilstand, behandlingsalternativ, biverknadar og komplikasjonar ved behandling.