Les heile raporten (PDF)
Oppsummering av rapporten frå temagruppe 10:
Bakgrunn og utfordringar:
For å kunne levere gode og nok helsetenester i tida som kjem, må utfordringar gjerast om til moglegheiter, og moglegheiter må realiserast. God og tydeleg leiing er ein nøkkelfaktor for å få dette til og vil komme til å spele ei avgjerande rolle i framtida. Mange av dei store utfordringane vil måtte løysast tverrfagleg, i nettverk og i team. Det stiller nye krav til leiarane i Helse Vest.
Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:
Vi ser for oss følgjande målbilete for framtida:
- Pasienten si helseteneste – pasientane får ei god og heilskapleg behandling og tek del i avgjerder knytte til eiga helse.
- Sjukehuset prioriterer rett basert på heilskaplege, faglege vurderingar og har tillit i befolkninga.
- Sjukehuset er ein attraktiv arbeidsplass som trekkjer til seg dei beste medarbeidarane.
- Sjukehuset er tidleg ute med å utvikle ny kunnskap og tek raskt i bruk moglegheitene som ligg i den medisinske og teknologiske utviklinga.
- Sjukehuset har etablert god samhandling rundt behandlingsforløp på tvers av nivå og fagdisiplinar. Standardisering der det er formålstenleg, skreddarsaum der det er nødvendig.
Oppgåvene til leiarane
- Må ha ei heilskapleg forståing for korleis profesjonane verkar og speler saman i kjeda av helsetenester. Kunne skape arenaer for samhandling, koordinering og samarbeid i ei samanhengande teneste. Nytte og inkludere brukarane i arbeidet med å utvikle tenesta. Vere samarbeidsorienterte, skape team og skape lagånd i arbeid for fellesskapet.
- Skape kultur for gode og kontinuerlege forbetringsprosessar. Involvere medarbeidarar i å skape ei teneste som gir gode resultat, og motivere for kontinuerleg forbetring i eigen organisasjon. Sørgje for at ny kunnskap og nye teknologiske moglegheiter raskt blir tekne i bruk. Ha evne til å definere mål og oppnå resultat gjennom medarbeidarane. Få fagfolk med i forbetringsprosessar. Sikre at verksemder som driv med det same, arbeider på tilnærma same måten på tvers av fag og organisasjon. Ha evne til å prioritere.
- Ha gode kommunikasjons- og formidlingsevner. Evne til å møte utfordrande situasjonar på ein open og lyttande måte, ha gode dialogferdigheiter. Evne til å involvere, motivere og få ut potensialet i medarbeidarane sine. Gode relasjonelle evner.
- Ta ansvar for heilskapen i eiga verksemd. Planleggje for forsking, fagutvikling og utdanning i tillegg til god drift.
- Ville vere leiar, ha glede av å vere leiar. Evne til å sjå og bruke handlingsrommet. Vere modig, nysgjerrig, interessert og open. Ha sjølvinnsikt, kjenne sine sterke og svake sider. Ville utvikle seg som leiar. Sjå moglegheitene i å bruke stab/støtte på ein formålstenleg måte.
Overordna prinsipp for leiing
- Leiing er å skape gode resultat gjennom samspel og god dialog med medarbeidarane.
- Heilskapsperspektiv og faglegheit ligg til grunn for prioriteringar og avgjerder.
- Pasientens helseteneste: Tenestene gir verdi for pasientane (prognose, livskvalitet og pasienttryggleik).
- Kontinuerleg forbetring er integrert i kvardagen.
- Organisasjonen tek i bruk ny kunnskap og utviklar den ressursen som medarbeidarane representerer.
- Alle leiingsområde blir varetekne (internt og eksternt fokus, notid og framtid, drift og utvikling).