Medarbeidarskap

Les heile rapporte​n (PD​F)

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 9:​​


Bakgrunn og utfordringar:​

Spesialisering har prega den medisinske utviklinga og vil komme til å prege helsesektoren vidare òg. Men spesialisering åleine løyser ikkje alle morgondagens utfordringar. Nye oppgåver kjem til, somme oppgåver kan gjerast av andre, og andre oppgåver igjen vil bli automatiserte. Mange oppgåver vil måtte løysast på tvers av tradisjonelle faglege og organisatoriske grenser, i team og/eller nettverk. Det krev endring hos den enkelte.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:​​

Pasientane si helseteneste krev at medarbeidarane våre i større grad må tilpasse seg behova til og forventningane frå den enkelte pasienten. Medarbeidarar vil i framtida måtte takle større grad av fastlagde utgreiings- og behandlingsopplegg samtidig som den enkelte pasienten vil forvente å bli behandla som eit individ og få tilpassa behandling.

Nye oppgåver kjem til, somme oppgåver må gjerast av andre enn dei som gjer oppgåvene i dag, og andre oppgåver vil bli automatiserte. Fleire oppgåver vil måtte løysast på tvers av tradisjonelle faglege og organisatoriske grenser. Det krev endring hos den enkelte medarbeidaren.

Relasjonskompetanse​​

Medarbeidarane våre må evne å byggje relasjonar, både med kvarandre og med pasientane og dei pårørande. Alle treng å bli sett og møtt. Samspelet internt speglar samspelet med pasientane. Kommunikasjon er avgjerande for å jobbe godt saman og for å gi god pasientbehandling. Språket vi bruker, er viktig. Vi treng fleire medarbeidarar som har rettleiings- og undervisningskompetanse. Rettleiing må få ein større plass i oppfølginga og utviklinga av medarbeidarane.

Leiarar og medarbeidarar heng saman; det eine føreset det andre. Forventingane til og frå medarbeidarane må avklarast tydelegare.

Endringskompetanse​​

For å takle framtida må vi utvikle endringsevne og endringsvilje. Alle medarbeidarar må takle kompleksitet. Vi treng trygge tilsette som innanfor rammene kan ha valfridom og individuell tilpassing. Oppgåvene må delast på nye måtar. Det blir nødvendig med teamorganisering. Vi treng sertifisering og på-jobb-trening. I framtida må vi i større grad organisere oss ut frå oppgåvene enn ut frå fagbakgrunn. Kompetansesamansetjinga vil endre seg. Å finne rett kompetansesamansetjing blir avgjerande for å få løyst oppgåvene.

Medarbeidarane skal ha fagleg utvikling og karriere. Medarbeidarane må ha rettar, plikter og medansvar, dei må eige løysingane og bidra til gode tenester.

Rekruttere dei rette medarbeidarane​​

Vi må samarbeide med utdanningsinstitusjonane for å sikre at dei utviklar tilboda sine i tråd med det helsetenesta treng. Framskriving av demografi viser at vi kjem til å mangle helsepersonell. Vi skal vere attraktive arbeidsplassar som trekkjer til oss unge talent. Vi må møte forventingar om meir fleksibilitet og ha leiarar som er der for kvar enkelt.

Teknologisk kompetanse​​

Vi må, raskare enn i dag, utnytte og implementere enkel teknologi som støttar opp under pasientbehandlinga og gjer kvardagen enklare for medarbeidarane.

Aktivitetsstyrt bemanning​

​Vi må planlegge pasientbehandlinga og bemanne ut frå dei oppgåvene som skal løysast. Behova til pasientane må vere styrande for bemanninga.