Multisjuke

​Les heile rapporte​n​ (PDF)​

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 3:


Bakgrunn og utfordringar​​​:

Den befolkningsgruppa som aukar mest mot 2030, er alt i dag storbrukarar av helsetenester. 66 prosent av ressursane i somatiske spesialisthelsetenester blir brukte på 20 prosent av pasientpopulasjonen. Det er den pasientgruppa som kjem til å vekse mest framover. Ein stor prosentdel av desse har fleire sjukdommar, men i dag fokuserer systemet mest på kvar enkelt sjukdom, ikkje på den samla situasjonen til pasienten. Korleis skal vi handtere det?

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe​​:

Dei framtidige tenestene bør organiserast med utgangspunkt i pasienten, ikkje med utgangspunkt i fag, og dei bør støtte opp under den tverrfagleg innsatsen og samarbeidet med andre. Det inneber høg grad av fleksibilitet og elastisitet i tenestene.

Multisjuke bør i større grad enn i dag bli møtte av tverrprofesjonelle team som skreddarsyr tilbodet til den enkelte. Fagpersonane skal konsentrere seg om kjerneoppgåvene sine, men må ofte samarbeide tett med andre medlemmer i det tverrprofesjonelle teamet og med samarbeidspartnarar internt og eksternt.

Det er særleg viktig med ei brei tilnærming og tverrfaglegheit i ein diagnostisk og avklarande fase der helsepersonellet planlegg ein samla behandlingsplan. 

I den framtidige helsetenesta vil det vere behov for høgt spesialiserte einingar, men òg einingar som har tverrfagleg diagnostikk og behandling som hovudoppgåve, særleg før det er lagt ein samla behandlingsplan. Dei høgt spesialiserte einingane må kunne følgje opp dei delane av ein samla medisinsk plan som ligg utanfor deira eigen spesialitet.

Ved planlegging av nybygg og ombygging/ominnreiing av eksisterande bygg må det leggjast til rette for å samarbeide om den enkelte multisjuke, med vekt på fysisk nærleik mellom samarbeidande fagområde. Ein må ta sikte på å redusere eller fjerne det uheldige geografisk skiljet vi har i dag mellom psykisk helsevern, somatikk og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.