Prioritering og kommunikasjon

​Les heile rap​porten (P​DF)

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 2:


Bakgrunn og utfordringar:​​​

I tida som kjem, vil vi få stadig større medisinsk handlingsrom. Kunnskapen om kva som er medisinsk mogleg, aukar tilsvarande raskt, og positive bodskapar er med på å skape forventingar. Vi har i dag eit helsevesen av høg kvalitet og med god tilgjengelegheit, men det kjem ikkje alltid fram i nyheitene.

Fleire vil trenge hjelp, og fleire vil trenge meir hjelp, men veksten i økonomien vil bli avgrensa. Forventingar, mindre tilfeldig variasjon i tenestetilbodet og prioritering er viktige stikkord for ei berekraftig utvikling.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:​​

Betre helse for den enkelte og mindre ulikskapar​

Helse Vest må prioritere for å nå viktige mål: betre helse for den enkelte og mindre ulikskapar. Folk forventar høgare standard, og det blir utvikla ny teknologi og nye behandlingsmetodar – mange med betre effekt, men ofte med høgare kostnader. Heilskapleg prioritering, likebehandling, føreseielegheit og tillit blir viktige stikkord for ei berekraftig utvikling.

Auka satsing på førebygging vil gi betre helse i regionen. God prioritering og rett bruk av ressursar kan frigjere ressursar og sikre ei meir formålstenleg fordeling i tråd med behova til befolkninga.

Rett prioritering krev gode avgjerdsprosessar med involvering av alle partar og faggrupper, openheit og forankring på alle nivå – frå fagfolk til myndigheitspersonar.

Involverande og respektfull kommunikasjon​

Ny teknologi opnar for å involvere pasientane meir og for større grad av tovegskommunikasjon. Pasientar har stor tilgang på informasjon om helse og ulike behandlingsformer, noko vi må rekne med vil forsterke seg dei neste 15 åra.

​Det gjer at mange er, og fleire blir, ekspert på eigen sjukdom. Utviklinga av informasjon og støtte for pasientane på helsenorge.no (tilgang til timar, journal, reseptar, pasientreiser, beskriving av forløp osv.) er berre så vidt i gang.

Kommunikasjonen med pasientar om grensene for kva den offentlege helsetenesta kan tilby, kan ofte vere krevjande. Mange pasientar og pårørande opplever at sjukdom truar livskvaliteten og framtida, og dei kan ha forventingar som den offentlege helsetenesta av ulike grunnar ikkje kan innfri. Kommunikasjonen mellom pasient og helsepersonell, internt i tenesta og mellom tenesta og publikum kan bli mykje betre.​

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.