Samspel med private aktørar

Les heile rapporten (​PDF)

Oppsummering av rapporten frå temagruppe 6:​​

​​Bakgrunn og utfordringar:​

I dag er private aktørar eit viktig supplement til dei offentlege tenestene. Det vil dei vere i framtida òg, men blir potensialet i den private marknaden utnytta godt nok? Blir den private marknaden brukt strategisk, og har Helse Vest ei bevisst haldning til på kva område ein ønskjer å samarbeide med dei private, og korleis?

Frå rapporten:​​

I åra som kjem, vil spesialisthelsetenesta stå overfor store endringar og utfordringar. Eit offentleg finansiert og styrt helsevesen er ein grunnleggjande føresetnad for å møte desse endringane og utfordringane, men både private og offentlege verksemder kan i prinsippet vere ansvarlege for drifta av tenestene.

Nasjonal helse- og sjukehusplan peiker på at det vil vere nødvendig å ta i bruk kapasitet i privat sektor for å redusere unødvendig venting for pasientar som har fått tildelt rett til helsehjelp, auke pasientane sin valfridom og stimulere dei offentlege sjukehusa til å bli meir effektive.

Frå supplement til ein del av løysinga​​​

Figuren nedanfor illustrerer dagens modell og ein mogleg framtidig modell for samarbeid mellom offentleg og privat helsevesen, der private aktørar er ein del av heilskapen. Ein ny modell fordrar bruk av dei private på ein annan måte enn i dag. Det må bli klarare definert kva ein skal bruke dei til, og korleis dei skal brukast. Og det må liggje føre styringsmekanismar som sikrar at dei private blir integrerte og nytta i tråd med føresetnadene som ligg til grunn for den rolla dei blir tildelte.

Framtidsbilete​​​

  • Det er klart definert kva private aktørar skal brukast til, og korleis dei skal brukast.
  • Område og tenester som er aktuelle for konkurranseutsetjing, er identifiserte.
  • Fungerande styringsmekanismar som sikrar at private aktørar er integrerte og blir nytta i tråd med føresetnadane for den rolla dei skal ha
  • Private aktørar inngår i oppgåve- og funksjonsdelinga i dei aktuelle opptaksområda
  • Private aktørar har føreseielege og langsiktige rammevilkår
  • Samarbeid mellom helseføretaka og private aktørar som sikrar eit likeverdig tilbod og skaper pasienten si helseteneste
  • Gode utdanningsløp, i samarbeid med dei private aktørane, som sikrar tilgang på kvalifisert arbeidskraft
  • Opplæring og nyttegjering av pasientar og pårørande
  • Forsking og innovasjon der teknologiske og medisinske nyvinningar blir utvikla og nytta både i privat og offentleg regi