Spesialisthelsetenester utanfor sjukehus

Teknologi og nye måtar å levere helsetenester på

​​Les heile rapport​en ​(PDF)

Oppsummering av rapporten frå temagruppe 8:


Bakgrunn og utfordringar:​​

I framtida må spesialisthelsetenestene – og kompetansen – gjerast tilgjengelege fleire stader enn berre på sjukehuset, og tenestene må leverast på andre måtar. Det gjeld førebygging, diagnose, behandling og rehabilitering. Kompetansen og tenestene må i større grad vere tilgjengelege utanfor sjukehuset og nærmare pasienten, og delar av dei må automatiserast og robotiserast. Digitale innbyggjartenester er eit startpunkt langs ein av utviklingsaksane.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppe:​​

Vi står overfor ei endring i helsetenesta med auka bruk av automatiseringsteknologi og IKT, og vi må sørgje for at vi kan møte utviklinga med rett kompetanse.

Teknologisk utvikling skjer raskt og opnar for avanserte spesialisttenester i heimen. Kommunikasjon og samarbeid med pasient, pårørande, førstelinjetenesta, næringsliv, høgskular og universitet vil kunne bidra til meir effektive løysingar. Samtidig ser vi at vi må avklare grenseoppgangane mot det som primærhelsetenesta forvaltar i dag.

Teknologi​​

Telemedisinske løysingar er tilgjengelege og blir brukte fleire stader. Vi vil få system som støttar opp under arbeidsprosessane på sjukehuset, og pasientar og pårørande har sjølvbeteningsløysingar der dei i langt større grad bidreg med informasjonsinnhenting og kvalitetssikring. Enklare, raskare og betre digitale samhandlingsløysingar opnar for virtuelle konsultasjonar/avklaringar opp mot spesialist og bidreg til langt større grad av samhandling mellom primær- og sekundærhelsetenesta.

Oppgåvegliding​

God kommunikasjon mellom ulike yrkesgruppe bidreg til kvalitetssikring. Interaktive tenester som har innebygde fagspesifikke tilrådingar, vil kunne sikre tilgjengeleg rett informasjon og auke kvaliteten. Dialogen mellom primær- og spesialisthelsetenesta er i endring, og meir direkte kontakt elektronisk (dialogmeldingar, telemedisin etc.) vil påverke dette. Ein kan òg tenkje seg at fastlegar/legekontor i aukande grad kommuniserer direkte med andre spesialiserte yrkesgrupper i sjukehuset enn legen (spesialsjukepleiarar, spesialbioingeniørar etc.).

Det vil vere eit aukande behov for personell med utdanning innanfor og kunnskap om kombinasjonen helse og IKT/teknologi.

Tryggleik og risiko​​​

Vi må sjå på pasienten som ein ressurs, og vi må setje i verk tiltak som gjer at han/ho kan delta aktivt. Pasienten må få nok informasjon, og personvernet skal varetakast. Pasientane vil kunne føle seg overvaka og bli redde for sporbare data. Det er viktig med god informasjon som inkluderer høve til å reservere seg.

Organisering​​​

Vi ser auka bruk av heimebehandling – ei utvikling som er ønskt. Utveksling av data og hospitering må takast meir i bruk mellom nivåa. Det er mogleg at vi i framtida vil vere best tente med å ha eitt overordna nivå i helsetenesta.

Privat sektor​​​

Forventingar og inngåtte avtalar bør gjerast kjende i sjukehusa for å skape større forståing for samarbeidet og oppgåvene. Privat sektor vil også i framtida vere eit viktig supplement til helsetenestene.

Opplæring og utdanning​​

Behova til helsetenesta bør identifiserast, og det bør utviklast ein langsiktig strategi for opplæring og utdanning. Vi må sjå talet på studieplassar i samanheng med det totale biletet, vi må sørgje for å ha praksisplassar, og vi må stimulere til vidareutdanning (livslang læring). Effektivt teambasert arbeid krev auka kunnskap om kvarandre sine fagområde.

Kommunikasjon​​​

Vi må forstå kvarandre og ha nødvendige dialogar både med pasienten og interessentane. Vi må ta i bruk teknologi utan å gløyme mennesket vi legg til rette for. Sjølv om teknologi vil endre mange arbeidsformer, må ikkje undervurdere direkte menneskeleg kontakt.

Innovasjon​​

Kommersialisert og produksjonsklar teknologi (hyllevare) er etterspurd. Vi i helsetenesta må vere tydelege på kva behov vi har, og stille krav til leverandørane i tråd med det. Teknologien bør vere på den same plattforma eller gi tilgang til den same plattforma og støtte pasientbehandlinga uavhengig av kvar pasienten er. Opne produsentuavhengige system vil bli etterspurde.

Økonomi​

​Pasientbehandling utanfor sjukehus i heimen gir færre sjukehusinnleggingar og er ressurssparande. Pasienten er i sitt eige miljø, det er mindre risiko for infeksjonar (som i seg sjølv er økonomisk formålstenleg), og mange pasientar synest at dei har betre livskvalitet når dei er heime.