Standardiserte pasientforløp

Les hei​​le ra​pporten (PDF)

​Oppsummering av rapporten frå temagruppe 4:​​​


Bakgrunn og utfordringar:

Ein stor del av pasientbehandlinga kan standardiserast og setjast saman effektivt på tvers av organisatoriske grenser. Både pasientar med enkeltståande behandlingsbehov og mange kronikargrupper, somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling vil ha stort utbyte av det.

Det enkelte pasientforløpet kan ikkje lenger vere ein serie av enkeltepisodar som er knytte til ulike fagspesialiteter eller aktørar, men må vere ei samankopla, heilskapleg og effektiv kjede av aktivitetar og informasjonsutveksling.

Framtidsbilete / forslag frå arbeidsgruppa:​

Frå uønskt variasjon til beste praksis​

Pasientane i Helse Vest opplever likeverdige og koordinerte pasientforløp med rask tilgang til og høg kvalitet på utgreiing, behandling, rehabilitering og oppfølging. Alle pasientforløp består derfor av éin eller fleire standardiserte delar (delforløp) som er bygde på beste kliniske praksis. Samtidig gir pasientforløpa rom for individtilpassing, dei legg til rette for samval og stimulerer pasientane til eigeninnsats gjennom monitorering, behandling og oppfølging av eigen sjukdom.

Ei slik tilnærming bidreg til einsarta og kunnskapsbasert praksis på tvers av einingar i eige føretak, mellom føretak og/eller mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Standardiserte pasientforløp skrar at dei mest nødvendige tiltaka blir standardiserte for alle pasientane, dei sørgjer for gode vekslingar og godt samarbeid mellom ulike einingar og fagfolk ved at dei involverte veit kven som har ansvar for kva til rett tid, og dei bidreg til forenkling, aktive brukarar, høg kvalitet og effektiv ressursbruk.

1. Alle pasientforløp består av éin eller fleire standardiserte​​ delar

Helse Vest må utarbeide og innføre standardiserte pasientforløp for pasientgrupper der det bidreg til ein betre prosess og eit betre resultat. Det vil truleg gjelde dei fleste pasientgruppene, særleg pasientgrupper med stor variasjon i alt frå resultat til tiltak.

2. Medisin og b​​ehandling må individtilpassast for å gi best resultat

Standardiserte pasientforløp må ikkje redusere nødvendig fleksibilitet og individtilpassing. Det er viktig at behandlinga blir tilpassa sjukdomsbiletet, behova og livsfasane til den enkelte pasienten, slik at resultatet for pasienten blir best mogleg.

3. Eigenmeistring – best for både ​​pasienten og samfunnet

Dei standardiserte pasientforløpa må leggje til rette for at pasienten kan få vere med og velje si eiga behandling og få betre høve til å meistre sitt eige liv og sin eigen sjukdom.

Einsarta rammeverk for utvikling og vedlikehald av standardiserte pasientforløp.

Ved utarbeiding og vedlikehald av standardiserte pasientforløp ligg det ein gevinst i å gjere dette på ein relativt einsarta måte. Det gjeld særleg dei pasientforløpa som går på tvers av føretaka.