Gode resultat, både når det gjeld økonomi og kvalitet, er viktige føresetnader for trygge og gode helsetenester. Under finn du eit knippe av resultata våre frå året som er gått.
Satsing på god dialog mellom pasient og sjukehus, betre organisering, pasienttryggleik og felles systembygging har prega 2018, og har for alvor bidrege til å styrke pasientens helseteneste.
Nøkkeltal
Årsrapport 2018 (PDF)
Robotane i Helse Vest har spart dei tilsette i Helse Vest for nesten 12 000 arbeidstimar i 2018. Det er med på å auke kvaliteten og frigjere varme hender til pasientbehandlinga.
Korleis kan vi utvikle pasienten si helseteneste på ein framtidsretta måte? Korleis skal vi sikre god bruk av ressursane vi har og kjem til å ha dei neste åra? Den regionale utviklingsplanen i Helse Vest gir ei framstilling av korleis vi sk...
Årets forbetringspris i helse- og omsorgstenesta er tildelt Anlaug Vatne ved Stavanger universitetssjukehus for sin innsats med å redusere unødvendig bruk av antibiotika til nyfødde barn.
Roald Omdal fekk forskingsprisen for sitt mangeårige arbeid med fatigue. Innovasjonsprisen Helse Vest 2018: Geir Strandenes har gjennom sitt prosjekt Blood Far Forward endra akuttmedisinsk livreddande behandling.
Talet på pasientskadar knytte til komplikasjonar etter kirurgiske inngrep er truleg langt færre enn tidlegare antatt. Det viser ein studie frå Helse Bergen og Helse Førde. Tilpassing av registreringssystemet gir meir nøyaktige tal og eit betre...
Soffien Ajmi og Knut Olav Sandve frå Helse Stavanger er tildelte Helse Vest sin Kvalitetspris 2018. Dei får prisen for arbeidet sitt med å utvikle og innføre tverrfagleg simuleringstrening for behandling av pasientar med hjerneslag.
Dei digitale løysingane for pasientar og pårørande i Helse Vest blir stadig betre og fleire. Målet er å tilby enda betre service og å oppfylle målet om å skape pasientens helseteneste.
Helse Vest er første helseregion i landet til å starte eiga forbetringsutdanning for helsepersonell. Målet er at auka kunnskap skal akselerere arbeidet med kvalitetsforbetring.
Innbyggjarane på Vestlandet har tillit til at dei vil få hjelp når dei treng det og har eit godt inntrykk av sjukehusa i regionen. Det er klart etter at resultata frå årets omdømmeundersøking er lagt fram.
Ventetida innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har også i 2016 blitt kortare, og var i desember 30 dagar, heile 7 dagar kortare enn desember året før.
Medarbeidarane i sjukehusa tek pasienttryggleik på alvor. Høg overleving, få sjukehusinfeksjonar og god kommunikasjon er noko av det som bidrog til betre kvalitet i 2016.
I 2016 er det brukt 689,7 millionar kroner til forsking og 130,4 millionar kroner til utvikling i Helse Vest.
I 2016 har vi utvikla Pasientens helseteneste. Det betyr blant anna god og forenkla kommunikasjon med pasientar og pårørande, uavhengig av kor dei bur og kva slags informasjonsbehov dei har.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.