Betre kommunikasjon med pasientar og pårørande

I 2016 har vi utvikla Pasientens helseteneste enda meir. Ein viktig del av Pasientens helseteneste er god og forenkla kommunikasjon med pasientar og pårørande, uavhengig av kor dei bur og kva slags informasjonsbehov dei har. Betre digitale løysingar for sjølvbetening, betre nettsider, og betre telefontilbod er stikkorda for 2016. I året som kjem blir dette utvikla vidare.

Foto. Gutt med mobil
 

​Min pasientjournal

I 2016 fekk pasientar i Helse Vest tilgang til å lese delar av sjukehusjournalen sin på nett, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Pasienten loggar inn på helsenorge.no eller vestlandspasienten.no med bank-ID eller annan godkjent innloggings-ID, og kan lese opplysningane som står der med ein gong dei er godkjent av behandlar. Foreldre med foreldrerett kan lese journalen til barn under 12 år.

Med elektronisk tilgang til journalen sin blir det enklare for pasientar å følgje med i eiga behandling. Dei kan gå tilbake å oppdatere seg om dei ikkje hugsar alt som blei sagt i konsultasjonen, dei kan avdekke og rette opp feil, og dei kan få betre innsikt i sjølve sjukdommen og behandlinga.

Her kan du sjå fleire av våre resultat frå 2016

Open linje

Formålet med prosjektet Open linje er å gjere det enklare for pasientar å komme igjennom på telefon når dei kontaktar spesialisthelsetenesta, og samtidig sikre at dei som svarer på telefon har best mogleg utgangspunkt for å skape ei god oppleving. Omgrepet «oppleving» belyser føretaksgruppa si systematiske satsing, både teknisk og organisatorisk, for å gi innbyggjarane kvalitetssikra svar med minst mogleg ventetid. 

15052692915_4c3a2aa571_o_3000 px.jpg

Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta

Med prosjektet «Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta» har Helse Vest (og 35 andre føretak i landet) fått nye og like nettsider med hovedfokus på behandlingsinformasjon retta mot pasientar og pårørande. I Helse Vest er det blitt jobba godt gjennom heile året for å få på plass gode og informative behandlingstekstar. Dette har føregått som eit samarbeid mellom mange ulike faggrupper, og arbeidet skal fortsette i 2017. Målet er at pasienten skal finne alt ho treng å vite om tida før, under og etter behandling. Dette inkluderer praktisk informasjon om for eksempel mattilbud og parkering.