Betre kvalitet og pasienttryggleik

Medarbeidarane i sjukehusa tek pasienttryggleik på alvor. Det har gitt tydelege resultat. Høg overleving, få sjukehusinfeksjonar og god kommunikasjon er noko av det som bidrog til betre kvalitet i 2016.

Frå venstre: Laila B. Asbjørnsen, Brit Bohman, Maria Larsen, Berit Hauge. Dei jobbar alle på lungeavdelinga ved Haugesund sjukehus og tek pasienttryggleiken på alvor. Foto: Helse Fonna.

​Arbeidet med å betre kvaliteten og auke pasienttryggleiken i sjukehusa er eit av dei viktigaste områda det blir arbeida med i føretaksgruppa.  Gjennom program for pasienttryggleik er det lagt til rette for betre pasientbehandling, færre skader og betre ivaretaking av pasienttryggleiken. Her er nokre av resultata vi ser av dette arbeidet:

Talet på sjukehusinfeksjonar har gått ned

Revmatismesjukehuset i Haugesund hadde gjennom året 2016 ein prosentdel av sjukehusinfeksjonar på 0,02 prosent. Det vil seie 3 tilfelle av 1196 innleggingar. For 2016 var det eit mål at talet på sjukehusinfeksjonar skulle liggje under 4,7 prosent, som var det lågaste infeksjonstalet på landsbasis i 2015. Samla har Helse Vest nådd dette målet. Alle sjukehusa, med unntak av Helse Stavanger, ligg under 4,7 prosent. Helse Stavanger ligg på 4,8 prosent.

I løpet av 2016 er dei fleste av tiltakspakkane i program for pasienttryggleik rulla ut i alle sjukehus og relevante institusjonar. Alle sjukehusa i Helse Vest rapporterer no på ei rekkje kvalitetsindikatorar som for eksempel trykksår, fall, trygg kirurgi og hjerneslag.

Bilete: 6G på Stavanger universitetssjukehus fikk ekstra merksemd fordi dei ikkje hadde hatt eit einaste trykksår på avdelinga på 180 dagar. På bilete: Rebecca Foreman, Victoria M. Hinna, Anne Fosse Kvia, Elna Hermansen, Tommy Lund og Karen Hamre og sykepleierstudent Helene Lerstøl. Foto: Svein Lunde.

Kraftig reduksjon i talet på urinvegsinfeksjonar

Urinvegsinfeksjon har vore den hyppigaste pasientskaden i norske sjukehus. Tal frå 2016 viser at denne trtenden no er snudd, og urinvegsinfeksjon har klatra ned til ein tredjeplass. Dette skulda målretta arbeid for å førebyggje urinvegsinfeksjonar, blant anna ved å redusere unødig bruk av urinvegskateter.

Bilete: Kirurgisk sengepost 6G på Stavanger universitetssjukehus jobber aktivt med å førebyggje urinvegsinfeksjon hos sine pasientar ved å fjerne blærekateteret med ein gong det ikkje er nødvendig lenger. På biletet: Lisa Haga Dagsland, Mari Opheim Instebø, Karen Hamre, Elin Lindqvist, Laura Preschardt, Asun Dale, Anne Fosse Kvia, Tone Ladsten Klaening, Mika Olav Kinnari, Trond Jakobsen og Eivind Mork. Foto: Svein Lunde.

Bruk av sjekklister gir resultat

Ved Haraldsplass Diakonale sjukehus får over 60 prosent av pasientane ved Medisinsk avdeling samstemt legemiddellista sin. Manglande samstemming av legemiddellister er kjent som eit betydeleg pasienttryggleiksproblem både nasjonalt og internasjonalt. Alle helseføretaka i Helse Vest har fått i oppdrag å utvikle rutinar og system som sikrar at samstemming blir gjort og dokumentert.

Helse Bergen har vore pilot for prosjektet Trygg fødsel som skal redusere frekvensen av alvorlege fosterskadar og fosterdød. Prosjektet er eit samarbeid med Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Her er det innført sjekklister i ulike delar av fødselen for tidlig å identifisere risiko for feilbehandling av mor og barn. Resultatet frå piloten er oppløftande og kan blant anna vise ein nedgang i talet på barn som blir fødde med ein apgar skåre lågare enn sju. Sjekklistene for Trygg fødsel skal tas i bruk i alle sjukehus i Helse Vest i 2017.

Prosjektet Trygg Fødsel blei nominert til Helsedirektoratet sin «Forbedringspris 2016». Prosjektet blei tatt ut til finaleplass, og blei presentert i ein 10 minuttars førelesing under Pasientsikkerhetskonferansen i Tromsø. Prosjektet blei ikkje tildelt prisen, men fekk nasjonal merksemd.

Prosjektet Trygg gastro, som er pilotert i Helse Stavanger, har vist at ein kan oppdage anastomoselekkasje i samband med gastrokirurgi på eit langt tidligare tidspunkt om ein nytter seg av systematiske måleverktøy.
Anastomoselekkasje er ein av dei hyppigaste komplikasjonane etter colorektalkirurgi og kan medføre store lidingar for pasienten og i verste fall vere fatal. Ved å bruke scoringsverktøya er tida frå operasjon til lekkasjen blei oppdaga nær halvert.  Jo tidligare lekkasjen blir oppdaga, jo betre er utfallet for pasienten. Bruk av scoringsverktøya skal no rullast ut i alle sjukehusa i Helse Vest.

Bilete: Lungeavdelinga ved Haugesund sjukehus har lenge hatt gode tal på screening av pasientar for fall, trykksår og ernæring. Foto: Helse Fonna.

Kvalitetsregister

Helse Vest rapporterer data til alle dei nasjonale kvalitetsregistra. Resultata blir publiserte på helsenorge.no. Helse Vest scorar høgt på fleire av desse, for eksempel så ligg Helse Vest på landstoppen når det gjeld kor mange som får trombolysebehandling ved hjerneslag og kor mange som kjem til utgreiing og behandling som ein del av pakkeforløp for kreft.

Bare Spør!

God dialog mellom pasient og helsepersonell er viktig, og reduserer risikoen for feil og misforståingar. Fleire av helseføretaka i Helse Vest har hatt kampanjar retta mot pasientane, for å gi dei viktige tips og råd. Brosjyren Bare Spør har både informasjon og forslag til spørsmål pasienten kan stille i møtet med legen eller sjukepleiaren på sjukehuset.

Bilete: Pasienttryggleiksdagen i Helse Stavanger. På bilete: Svein Reidar Kjosavik og Karin Jensvold. Foto: Svein Lunde.