Forsking og utvikling

I 2016 er det brukt 689,7 millionar kroner til forsking og 130,4 millionar kroner til utvikling i Helse Vest.

Foto. Oransje briller
 

​Høg aktivitet innan forsking og innovasjon legg grunnlaget for ein kunnskapsbasert praksis innan førebygging, diagnostikk, behandling, rehabilitering, bruk av ny teknologi og prioritering av ressurser og tiltak i spesialisthelsetenesta. Kort sagt, det er det som gjer at vi stadig blir betre. Difor blir også høg forskingsaktivitet lønna med midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet.

På bakgrunn av registrert forskingsproduksjon, blei Helse Vest i 2016 tildelt 116,7 millionar kroner i statleg tilskot til forsking og utvikling. I tillegg kjem eit statleg tilskot på 130 millionar kroner til dei fire RHF-a som vert nytta til finansiering av forskingsprosjekt tildelt gjennom RHF-a sitt program for klinisk behandlingsforsking (KLINBEFORSK).

Brukarmedverknad i forskinga

For at vi skal vere sikre på at forskinga er relevant for dei vi skal hjelpe, nemlig pasientane, er det viktig med brukarmedverknad i forskinga. Dei tre siste åra er forskarane bedd om å opplyse om brukarmedverknad i forskinga si, og årets forskingsrapport viser ei auke i prosjekter som involverer brukarar i forskinga. Saman med behovsidentifisert forsking og forskinga si nytte for helsetenesta, er dette område som fortsatt vil ha auka fokus i åra som kjem.

Sjå fleire resultat frå 2016