Kortare ventetid for ruspasientar

Ventetida innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har også i 2016 blitt kortare, og var i desember 30 dagar, heile 7 dagar kortare enn desember året før.

Foto. Dør
Foto: Husbanken

​I tillegg til at Helse Vest har auka kapasiteten innanfor TSB dei siste åra, og TSB-tiltaka har jamn og høg aktivitet, var det i 2016 også ein del aktivitet i dei to TSB-einingane som er godkjende av Helfo (fritt behandlingsval) i Helse Vest.

Einingar innanfor TSB  har arbeidd med å få til dei gode forløpa, mellom anna med ei poliklinisk forankring som kan vere eit fast haldepunkt gjennom heile behandlingsforløpet.

Helseføretaka har arbeidd med å få på plass overordna rutinar for helsepersonell for avdekking av vald mot barn.

Housing First

Helse Vest avslutta dei to Housing first-prosjekta, i Helse Bergen og i Helse Stavanger, for bostedslause med problem med den psykiske helsa si og/eller rusmiddelmisbruk.

Målet med tiltaka var mellom anna å gjere helsehjelp meir tilgjengeleg gjennom oppsøkjande tenester i samarbeid med kommunen. Begge prosjekta nådde sine måltal. Bergen har hatt 33 deltakarar i prosjektet og Sandnes 17.

Her kan du sjå fleire resultat frå 2016