Pakkeforløp

Nær 80 % av kreftpasientane våre får behandling i eit pakkeforløp. Pakkeforløp sikrer at pasienten kjem raskt til behandling og får god og riktig oppfølging. I 2017 skal enda fleir av pasientane våre få tilbod om pakkeforløp.

Foto. Mammografimaskin
 

​Helse Vest har samla sett eit svært godt resultat når det gjeld prosentdelen av kreftpasientar som blir registrerte i eit pakkeforløp, og er godt over målkravet frå Helse- og omsorgsdepartementet på 70 prosent. Siste offisielle tal er frå andre tertial 2016, og viser at føretaksgruppa samla ligg på 78,2 prosent.

Når det gjeld prosentdel av pakkeforløp for kreftpasientar som er gjennomførte innanfor definert standard forløpstid, uavhengig av type pakkeforløp, ligg føretaksgruppa samla sett på 72,3 prosent, også det over målet på 70 prosent.

Her kan du sjå fleire av resultata våre frå 2016

Møt ein forløpskoordinator

Kvart år får over 30 000 mennesker ein kreftdiagnose - og livet tar ei ny vending. Vil du vite meir om korleis eit pakkeforløp fungerar? Sjå filmen frå Stavanger Universitetssjukehus: