Auke i pasientar som les journalen sin på nett
I 2016 fekk pasientar i Helse Vest tilgang til å lese delar av sjukehusjournalen sin på nett, utan å måtte kontakte sjukehuset først. Tenesta blei raskt svært populær, og talet på månadlege sidevisningar i Min pasientjournal auka jamt og trutt heile 2017, frå 38 000 i desember 2016 til 72 000 i desember 2017.
I mai 2017 vart tenesta utvida med tilgangslogg på nett. Det vil seie moglegheita til å sjå kven som har gjort oppslag i eigen pasientjournal. Også denne tenesta har hatt ei auke i popularitet gjennom 2017, med i overkant av 11 000 sidevisningar i juni 2017 (første heile månad den var tilgjengeleg) til over 20 000 sidevisningar i januar 2018.
Sjølvbetent ankomstregistrering og digitale kart
I 2017 vart det starta tre store prosjekt i Helse Vest, som skal legge til rette for meir sjølvbetening og betre digitale løysingar for pasientar og pårørande.
- Innsjekk og betaling skal legge til rette for sjølvbetent ankomstregistrering og betaling. Det skal skje ved hjelp av smarttelefon eller på registrerings- og betalingsautomatar på sjukehusa. Dette vil frigjere tid for dei som sit i lukene på poliklinikkane, slik at dei betre kan ta seg av dei som treng meir hjelp.
- Finne fram skal hjelpe pasientar og pårørande å finne fram til sjukehuset og på sjukehuset ved hjelp av digitale kart, enten lasta ned på eigen smarttelefon eller på skjermar rundt på sjukehusa.
- Pasientflyt og ressursar skal hjelpe helsepersonell på sjukehusa til å kommunisere betre med kvarandre og ha betre oversikt over kor i løypa pasientane er. Bonusen er at dei kan bruke mindre tid på administrasjon og meir tid på pasientane.
Enda betre nettsider
Felles nettløysing for spesialisthelsetenesta blei avslutta som prosjekt ved utgangen av 2016, og 2017 har dermed vore første heile forvaltningsår for dei nasjonale nettsidene. I løpet av 2017 er det blitt etablert eit forvaltningsorgan for nettsidene, og fleire endringar er gjennomført, som har gjort nettsidene enda betre og meir brukarvennlege:
- Betre deling av artiklar og nyheiter på tvers av føretaka og regionane, for eksempel når det gjeld forsking. No får brukaren opp forskingsnyheiter frå andre føretak, og ikkje berre lokale saker, når ein les om ei behandling.
- Betre og meir utskriftsvennlege behandlingssider. No kan brukaren velje dei elementa av ei side han ønskjer å skrive ut, for eksempel berre informasjonen som er relevant etter at han har gjennomført ei behandling, eller berre informasjon som handlar om førebuing til behandling.
- Betre søkeboks på framsida, og betre resultat ved søk.
Les meir om digitale innbyggjartenester i Helse Vest:
Vel møtt til framtidas sjukehus
Stadig fleire bruker helsetenester på nett