Reduksjon i bruk av tvang i psykisk helsevern

Å få ned talet på tvangsinnleggingar og tvangsmiddelbruk  innan psykisk helsevern har vore eit viktig arbeidsområde for Helse Vest i 2017. Helse Vest sine eigne tal for tvang viser at det går i rett retning i helseføretaka, med reduksjon i 2017 samanlikna med 2016. Helse Førde er det føretaket i Helse Vest – og eitt av føretaka i landet– med minst tvangsbruk.

Foto. psykiatrisk ambulanse Helse Bergen
Foto: Eivind Senneset

​– Av og til er det ikkje til å unngå, men målet vårt er minst mogleg bruk av tvang overfor pasientar, sa assisterande fagdirektør Pål Iden i starten på 2017.

Då vart resultata frå ei rekkje nasjonale kvalitetsindikatorar lagt fram, og for første gang var bruken av tvangsmiddel innan psykisk helsevern med på lista. Den viste at Helse Vest låg over landsgjennomsnittet i bruk av tvang overfor innlagde pasientar.

Konkrete tiltak for å redusere tvangsinnleggingar og tvangsmiddel

Det blei sett inn ei rekkje konkrete tiltak for å få ned tvangsbruken i Helse Vest innan utgangen av 2017. Nokre av tiltaka var:

  • Regionalt e-læringskurs i psykisk helsevernlova.
  • Kompetanseheving for vedtaksansvarlege, opplæringsprogram med spesielt fokus på ny lovendring.
  • Dialogmøte om redusert bruk av tvang.
  • Dialogmøte med Erfaringskompetanse (kompetansesenter).
  • Revidere regional plan, der frivillig behandling og auka brukarstyring vil vere sentralt.
  • Gjennomgang av avdelingar med mest tvangsbruk, samt setje inn tiltak for å redusere bruken av tvang på dei aktuelle avdelingane.

I tillegg blei det sett i gang eit regionalt arbeid med mål om å lære av dei beste, og endre måten ein jobba på i Helse Vest. Styret i Helse Vest fekk dessutan rapport på tala kvar månad, og kunne på den måten følgje utviklinga tett.

Går rette vegen

Det kan sjå ut som om tiltaka har hatt noko for seg. Helse Vest sine eigne tal for tvangsinnleggingar per 1000 innbyggjar viser variasjon frå månad til månad. Over tid viser likevel tala at det går i rett retning i helseføretaka med reduksjon i 2017 samanlikna med 2016. 

Tabellen under viser talet på tvangsinnleggingar per 1000 innbyggar per helseføretaksområde, og endring frå 2016 til 2017 (Helse Vest sine eigne tal):

Tvangsinnleggingar per 1000 innbyggar
Helseføretak20162017
Helse Bergen HF2,261,67
Helse Fonna HF2,321,90
Helse Førde HF1,040,90
Helse Stavanger HF2,742,38

Helse Førde: godt samarbeid med kommunane

Tala på tvangsinnleggingar og tvangsbruk i Helse Førde er blant dei lågaste i landet, og er lågast i Helse Vest. Godt samarbeid med kommunane og fastlegane, kan vere noko av årsaka.

I samarbeid med kommunane har Nordfjord psykiatrisenter døgnope ambulant akutteam. Dette styrker det lokale tilbodet til menneske i krise, og hindrar akutte tvangsinnleggingar som ikkje er nødvendige. Konsultasjonsdagar i kommunane gjer at Helse Førde får tidleg varsel ved teikn til tilbakefall, slik at dei vinn tid til å setje inn høvelege tiltak før tvang blir aktuelt.

Ønske om å beskytte

Ifølgje lova skal pasientar som  sjølv har evne til å takke ja eller nei til behandling, respekterast og ikkje utsetjast for tvang. Unntaket er dersom  det er fare for pasienten sitt liv eller for liv og helse for andre.

– Utgangspunktet for tvangsbruk er altså eit ønske om å beskytte, og terskelen skal vere høg, ved at frivillig helsehjelp og tillitsskapande arbeid først skal prøvast så langt det er mogleg, forklarer Iden.

Les også: Halverte bruken av tvangsbelter i Bergen etter VG-avsløring. (VG.no)