Kunngjering om type val

Det er no klart kva type val det blir i alle helseføretaka, Helse Vest IKT og det regionale helseføretaket. Du finn informasjon om valet i ditt føretak/Helse Vest IKT i oversikta under.

Det blir forholdstalsval i desse føretaka:

Helse Førde

​​​​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Førde skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire styremedlemmer + seks vararepresentantar).

Helse Bergen

​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Bergen skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire styremedlemmer + seks vararepresentantar).

Helse Fonna

​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Fonna skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire styremedlemmer + seks vararepresentantar).

Helse Stavanger

​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Stavanger skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire styremedlemmer + seks vararepresentantar).

Sjukehusapoteka Vest

​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Sjukehusapoteka Vest skal det vere åtte namn i prioritert rekkefølgje (tre styremedlemmer + fem vararepresentantar).

Helse Vest IKT

Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Vest IKT skal det vere ti namn i prioritert rekkefølgje (fire styremedlemmer + seks vararepresentantar).

Helse Vest RHF

​​​​​Kvar liste skal innehalde like mange namn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast. På lista for val av styremedlemmer i Helse Vest RHF skal det vere åtte namn i prioritert rekkefølgje (tre styremedlemmer + fem vararepresentantar).

Dette gjeld ved eit forholdstalsval:

Forholdstalsval betyr at du skal stemme på ei liste med kanidatar i staden for på enkeltkandidatar. Frist for å sende inn liste er innan 24. januar 2017.

Les meir om forholdstalsval og korleis du kan bidra

1. Kan eg foreslå ei liste?

  • Ja, du kan foreslå eller fremme forslag til eiga liste.
  • Forslaget ditt må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag.
  • Forslaget til liste må innehalde likemange navn som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast.
  • Lista må omfatte personar av kvart kjønn.
  • Lokale fagforeiningar har også forslagsrett, dei kan stille liste aleine, eller saman med andre lokale fagforeiningar. Ei lokal fagforeining kan berre stå bak ei liste.
  • Forslag til liste må vere motteke av valstyret seinast 24. januar 2017.

2. Korleis skal lista vere?

  • Namna skal førast opp i den rekkjefølgja dei blir foreslått valde.
  • Ingen kan vere kandidatar på meir enn ei liste.
  • Lista må innehelde for- og etternamn på kandidatane, opplysningar om i kva for føretak og kvar i føretaket kandidatane arbeider og kva for stilling vedkommande har.

3. Kven kan stå på lista?

  • Den som skal veljast til styreverv må ha stemmerett og ha vore samanhengande tilsett i helseføretaket i minst eitt år.
  • Kandidaten kan ikkje vere i konkurskarantene.
  • Det er ikkje mogleg å ha verv som styremedlem i fleire regionale helseføretak eller lokale helseføretak samtidig.

4. Kva skjer etter at eg har levert lista mi til valstyret?

  • Etter at fristen for å stille forslag til eigne lister går ut den 24. januar 2017, vil valstyra godkjenne vallistene i samsvar med forskriftene og utarbeide valmateriell som skal brukast.

5. Kva skjer om det berre kjem inn eit forslag til liste?

  • Dersom det ikkje kjem inn fleire forslag til lister, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista, valde utan at det blir gjennomført val.

6. Kva skjer dersom det kjem fleire lister?

  • Dersom det kjem forslag til fleire lister, vil det haldast val. Valet skal skje skriftleg. Du vil du få alt materiell du treng for å stemme, inkludert førehandsfrankert svarkonvolutt, i posten. Valmateriellet vil bli sendt til den adressa som du er registrert med i lønnssystemet. Utsendinga vil skje i starten av februar. Det er lurt å sjekke i MinGAT om adressa du er oppført med, er korrekt. 
  • Dersom du sender stemma di i posten må den vere poststempla seinast 14. februar 2017. Dette er valdagen for alle helseføretaka i regionen, Helse Vest IKT AS og Helse Vest RHF.
  • Oppteljing og kunngjering av valresultatet vil skje så snart valet er gjennomført.


Hugs at det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS og til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) . Du må derfor stemme i begge desse vala, som vil skje samtidig.

All informasjon på nett

Kunngjeringar og all informasjon om valet 2017 vil bli offentleggjort på denne nettsida og på intranettsidene til helseføretaka.

Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn ei liste i samband med forholdstalsval, skal sjølve valet vere hemmeleg og skriftleg, og vil skje ved postsending slik som før.

Ingen valde å gjennomføre valet som fleirtalsval i 2017.

Ved eit fleirtalsval skal du stemme på enkeltkandidatar. Fleirtalsval betyr at dei kandidatane som får flest stemmer, blir valde.

Dette gjeld ved eit fleirtalsval:

1. Kven kan føreslå kandidatar?

  • Alle som har stemmerett har rett til å komme med forslag på kandidatar.
  • Lokale fagforeiningar har og forslagsrett.
  • Det skal veljast ​like mange kandidatar som talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast.

2. Korleis foreslår eg kandidatar?

  • Eit forslag kan innehalde like mange namn somt talet på styremedlemmer og vararepresentantar som skal veljast.
  • Forslaget skal leverast skriftleg til valstyret
  • Det skal gå fram av forslaget kven som stiller forslaget.

3. Kva skal vere med i forslaget?

  • Forslaget må innehalde tydeleg føre- og etternamn på kandidatane, opplysningar om kva for føretak og kvar i føretaket kandidatane arbeider og kva for stilling vedkommande har.
  • Lista bør omfatte personar av kvart kjønn.
  • Frist for å fremje forslag til kandidatar må vere valstyret i hende seinast valdagen.

4. Kven kan vere kandidat?

  • Den som skal veljast til styreverv må ha stemmerett og ha vore tilsett i helseføretaket i samanhengjande minst eitt år.
  • Kandidaten kan ikkje vere i konkurskarantene
  • Det er ikkje mogleg å ha verv som styremedlem i fleire regionale helseføretak eller lokale helseføretak samtidig.

5. Kva skjer etter at eg har levert forslag til kandidatar til valstyret?

  • Etter at fristen for å stille forslag til kandidatar går ut, vil valstyra godkjenne vallistene i samsvar med forskriftene og utarbeide valmateriell som skal brukast.
  • Dersom det er behov for det, vil valstyra ta kontakt med forslagsstillarane for å hjelpe til slik at forslaga blir korrekte.
  • Valstyret skal seinast sju dagar før valdagen utarbeide og kunngjere ei liste over dei som er føreslått, i alfabetisk rekkefølgje. Av lista skal det gå fram kven som er forslagsstillar til den enkelte kandidaten.
  • Du vil få alt materiell du treng for å stemme på styremedlemmer og vararepresentantar, inkludert førehandsfrankert svarkonvolutt tilsendt i posten.
  • Stemma di må vere poststempla seinast valdagen.
  • Oppteljing og kunngjering av valresultatet vil skje så snart valet er gjennomført.

Hugs at det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS og til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) . Du må derfor stemme i begge desse vala, som vil skje samtidig.