Kunngjering om val

Her finn du informasjon om valprosessen, kven som har stemmerett, lenkjer til valforskriftene og informasjon om valstyrene.

     

14. februar 2017 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Frist for å krevje forholdstalsval er 03.01.2017.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve. Valstyra oppfordrar deg derfor til å engasjere deg i valet.

Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.

​Vi ønskjer at du skal engasjere deg!​

Korleis skal valet skje?​

Valet kan gjennomførast på to måtar, enten som forholdstalsval eller som fleirtalsval. Lokale fagforeningar kan òg krevje at valet skal skje som forholdstalsval. Krav om forholdstalsval må vere valstyret i hende seinast ​03.01.2017.

1. Fleirtalsval

​Fleirtalsval inneber at du stemmer på føreslåtte enkeltkandidatar som er sette opp i alfabetisk rekkjefølgje.

2. Forholdstalsval

​Forholdstalsval inneber at du stemmer på ei liste med kandidatar i staden for på enkeltkandidatar. Det kan gjerast krav om forholdstalsval. Kravet må vere skriftleg og vere fremja av minst 1/5 av dei som har stemmerett, jf. valforskrifta. Lokale fagforeningar kan òg krevje at valet skal skje som forholdstalsval. Krav om forholdstalsval må vere valstyret i hende seinast ​03.01.2017.

 

Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn ei liste i samband med forholdstalsval, skal sjølve valet vere hemmeleg og skriftleg, og vil skje ved postsending. Valmateriell vil bli sendt til deg på den bustadsadressa du er registrert med i lønnssystemet. Svarkonvolutten din må vere poststempla seinast valdagen som er 14. februar 2017.

Dersom det berre kjem inn ei liste i samband med forholdstalsval, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.

Kva type val som vil bli gjeldande i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS vil bli kunngjort seinast 17. januar 2017. Denne informasjonen, samt meir informasjon om sjølve prosessen og reglane, vil bli lagde ut på denne nettsida og føretaka sine intranett etter kvart.​​

Valprosessen - viktige datoar

  1. Kunngjering om val innan 20.12.2016.
  2. Krav om forholdstalsval må fremjast innan 03.01.2017.
  3. Kunngjering om fleirtals- eller forholdstalsval innan 17.01.2017.
  4. Frist for å sende inn lister/kandidatar er innan 24.01.2017.
  5. Stemmesetlar/vallister og returkonvoluttar blir sende ut innan 07.02.2017.
  6. Valdagen er 14.02.2017.
  7. Kunngjering av valresultata vil skje så raskt som mogleg etter valet.

 

Kven har stemmerett?

Alle som er tilsett i føretaket på valdagen har stemmerett.

​Kven kan føreslå kandidatar/fremje forslag til eiga liste?

Ved fleirtalsval kan alle med stemmerett foreslå kandidatar som dei ønskjer valde. Lokale fagforeningar har også forslagsrett.

Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale fagforeiningar (åleine eller saman med andre lokale fagforeiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Ei lokal fagforeining kan berre stå bak ei liste.

Kva skjer no?

​Dette er ei kunngjering om valet.

Den neste informasjonen som vil komme er ei kunngjering som forklarer om det blir fleirtalsval eller forholdstalsval.

Valstyra og valforskrifter (Lovdata)

Det er etablert eit valstyre for Helse Vest RHF og eit valstyre for kvart av helseføretaka og Helse Vest IKT AS. Valet skal skje ifølje gjeldande forskrifter, om dei tilsette sin rett til representasjon i dei regionale helseføretaka og helseføretaka/Helse Vest IKT AS sine styre.

Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka

Valforskrift Helse Vest IKT

 

Valstyret i Helse Førde

Wenche Røkenes
Ola Hjelle
Thor Åge Midttun

Valstyret i Helse Bergen

Bjørn Magne Grindheim
Eli Anne Moldeklev
Anne Randi Skirbekk

Valstyret i Helse Fonna

Laura Lill Haavik
Ole Petter Espeland
Ida Sofie Helgesen

Valstyret i Helse Stavanger

Sigve Romslo
Gunn Elin Rossland
Gunn Hilde Naaden Hirsch

Valstyret i Sjukehusapoteka Vest

Linda Baug Tjore
Marit Ceselie Svendsen
Berit Berntsen

Valstyret i Helse Vest IKT AS

Leif Nordland
Dag Morten Haugum
Rolf Ruland

Valstyret i Helse Vest RHF

Toril Østvold
Hilde Cathrine Espeland
Hilde Christiansen