Flere hoder på grønn bakgrunn. Grafikk.

Val 2019

Kunngjering om valresultat

Valet på styrerepresentantar til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket er avgjort. Etter som organisasjonane har sendt inn éi liste i kvart føretak, er det denne lista som gjeld og det er ikkje halde fysisk val i år.

Her er valresultatet

Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve. Valstyra oppfordrar deg derfor til å engasjere deg i valet.

Kva skjer no?

Dette er ei kunngjering om at det blir forholdstalsval, etter at alle helseføretaka har gitt ei tilbakemelding til sine valgstyre.

Valperioden 2019-2021:

Valperioden for dei nye styremedlemmene er frå mars 2019 til mars 2021. Styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsette, er likeverdige styremedlemmer på linje med dei som er oppnemnde av eigar i føretaksmøte. Dei har òg dei same rettane og ansvaret.

Dersom ein styremedlem som er vald av dei tilsette sluttar i føretaket, blir vervet avslutta. Ein medlem av styret har møteplikt med mindre vedkommande har lovleg forfall. Vararepresentantar blir kalla inn i den rekkjefølga dei er valde.

Klagerett

Valprosessen - viktige datoar

  1. Kunngjering om val innan 19.12.2018

  2. Krav om forholdstalsval må fremjast innan 02.01.2019

  3. Kunngjering om fleirtals- eller forholdstalsval innan 16.01.2019

  4. Frist for å sende inn lister/kandidatar er innan 23.01.2019

  5. Stemmesetlar/vallister og returkonvoluttar blir sende ut innan 06.02.2019

  6. Valdagen er 13.02.2019

  7. Kunngjering av valresultata vil skje så raskt som mogleg etter valet

 

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.