27. januar 2021 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Frist for å krevje forholdstalsval var 16. desember 2020.
Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve. Valstyra oppfordrar deg derfor til å engasjere deg i valet.
Kva skjer no?
Dette er ei kunngjering av at det blir forholdstalsval.
Valperioden 2021-2023:
Valperioden for dei nye styremedlemmene er frå mars 2021 til mars 2023. Styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsette, er likeverdige styremedlemmer på linje med dei som er oppnemnde av eigar i føretaksmøte. Dei har òg dei same rettane og ansvaret.
Dersom ein styremedlem som er vald av dei tilsette sluttar i føretaket, blir vervet avslutta. Ein medlem av styret har møteplikt med mindre vedkommande har lovleg forfall. Vararepresentantar blir kalla inn i den rekkjefølga dei er valde.
Klagerett
I følgje §42 i valforskriftene er det mogleg å klage på valresultatet. Føretaket, lokal fagforeining og den som har stemmerett har høve til å klage. Klagen skal leverast valstyret, som førebur klagehandsaminga i klagenemnda. Frist for å klage er 14 dagar frå det tidspunktet den som har klagerett har fått melding om vedtaket, men seinast 14 dagar etter valdagen. For meir informasjon om gjennomføringa av valet og klagerett, sjå valforskriftene.
Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka
Valforskrift Helse Vest IKT