Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal leggje til rette for god individuell behandling, betre samhandling, klare ansvarstilhøve og gode overgangar. Pakkeforløpa er utvikla i samarbeid med ulike fagmiljø og brukarorganisasjonar.

jente som tenker
 

Det er hittil utvikla sju pakkeforløp innanfor psykisk helse og rus. Desse blir innførte trinnvis frå 2019.

Pasientar kan tilvisast til dei første pakkeforløpa frå 1. januar 2019. Dette er tre generelle pakkeforløp som vil som vil gjelde for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus.

Utgreiing og behandling av barn og unge Utgreiing og behandling vaksne Tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Dei tre neste pakkeforløpa blir lanserte i desember 2018 og er tre tilstandsspesifikke forløp for psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Pasientar kan tilvisast til desse pakkeforløpa frå 15. februar 2019. Pakkeforløp for gravide som bruker/har brukt alkohol, vanedannande legemiddel og/eller illegale rusmiddel kjem noko seinare.

Meir om kva pakkeforløpa inneber for deg som helsepersonell Meir om kva pakkeforløpa inneber for deg som pasient eller pårørande

Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus

  • Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit
  • Samanhengande og koordinerte pasientforløp
  • Unngå fagleg ubegrunna ventetid for utgreiing, behandling og oppfølging
  • Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet dei bur
  • Betre varetaking av somatisk helse og gode levevanar

Regionale lanseringskonferansar

For å få til ei god innføring av pakkeforløpa, arrangerer dei regionale helseføretaka lanseringskonferansar saman med helseføretaka og sentrale aktørar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og brukarorganisasjonane.

Lanseringskonferansar i Helse Vest:

Bergen: 15. oktober
Stavanger: 16. oktober
Førde: 23. oktober

Konferansane gir ei kort innføring i innhaldet i pakkeforløpa, inkludert forløpskoordinering, forløpstider og koding. Det blir lagt vekt på brukerperspektivet, samhandling og praktisk gjennomføring.

Lanserings- og implementeringskonferansane rettar seg mot:

  • leiarar og relevante fagpersonar i helseføretaket
  • fastlegar, leiarar og koordinatorar innanfor psykisk helse og rus i kommunane
  • brukar – og pårørandeorganisasjonar innanfor psykisk helse og rus

Implementeringsplanar

Nasjonal implementeringsplan pakkeforløp for psykisk helse og rus Regional implementeringsplan pakkeforløp for psykisk helse og rus
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.