Retningslinjer for klinisk karrierestipend

Formålet med klinisk karrierestipend er å leggje til rette for at forskarar som har kombinert forskingsaktivitet med klinisk praksis, kan byggje opp eige forskingsmiljø. Klinisk karrierestipend er neste trinn på karrierestigen etter postdoktor- og/eller forskarperiodar og stiller høge krav til sjølvstende. Klinisk karrierestipend kan ikkje overførast til andre.

Page in English

Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (2021-2025) har som visjon at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling. Klinisk karrierestipend kan vere eitt verkemiddel for å nå måla i handlingsplanen.​

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Klinisk karrierestipend kan søkjast av forskar under 50 år (født 1972 el. seinare). Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

Ved tildeling

Ved tildeling av karrierestipend frå Helse Vest skal personar finansierte av forskingsmidlane tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkjarinstitusjon»).​

Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, er det søkjarinstitusjonen som har det avgjerande ordet om ansvarleg institusjon for prosjektet skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.

Krav til søknad

Klinisk karrierestipend blir tildelt forskarar som vil byggje opp forskingsmiljø. Det vil derfor bli stilt ekstra sterke krav til søknadar i denne kategorien. Kandidatar må ha vist evner til sjølvstende og det vil bli lagt vekt på om søkjaren vil vere i stand til å byggje opp sitt eige forskingsmiljø i løpet av prosjektperioden. Dette må komme tydeleg fram i søknaden. Forskingsproduksjonen til kanidaten vil bli vurdert opp mot omfanget av klinisk verksemd.

Kva kan det søkjast om

Total kostnadsramme er for tida inntil 2,3 millionar kroner per år i fire år. Tildelinga skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

Karrierestipendet skal dekkje løn til eiga stilling, tilhøyrande stilling (stipendiat, forskingsstøtte, koordinator) og ekstra driftsmidlar. Karrierestipendet kan takast ut i 50 prosent i heile eller delar av perioden, i kombinasjon med klinisk stilling, og lengda på stipendet kan derfor variere ut frå stillingsprosenten. Dette treng ikkje vere avklart på søknadstidspunktet.

Dersom søkjaren ønskjer å bli vurdert i kategorien postdoktorstipend eller som eit vanleg fleirårig prosjekt i tilfelle søknaden om klinisk karrierestipend ikkje når opp i konkurransen, må det sendast inn separate søknadar. Budsjett, prosjektframstilling og vedlegg må i så fall bli tilpassa kvar enkelt søknadskategori.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg:​

1. Prosjektframstillinga

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).​​

2. Andre obligatoriske vedlegg 

Vedlegga skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument i rekkjefølgja skissert under:

  1. CV​ (anbefalt lengde 2 sider) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra.
Fann du det du leitte etter?