Tidlegare har bruk av SMS til pasientar basert seg på samtykke frå pasienten. I 2014 kom ei lovendring som gir helseføretaka anledning til å sende SMS utan eit slikt samtykke, såframt det er mogleg for pasienten å reservere seg mot det.
Slik kan du reservere deg
- Informer om dette i luka på sjukehuset når du kjem til timen.
- Ta kontakt med avdelinga di via telefon. Telefonnummeret finn du i innkallingsbrevet.
- Gi beskjed til den som tilviser deg om at du ikkje ønskjer SMS frå sjukehuset.
Kva reserverer du deg mot?
Når du har reservert deg mot SMS, vil du berre få brev i posten som informerer om tildelt time på sjukehuset. Du vil altså ikkje få SMS for å informere om tildelt time, og du vil heller ikkje få påminningar om timen på SMS. Husk derfor å informere sjukehuset ved adresseendring.