​Samtykke til personleg helsearkiv på vestlandspasienten.no

På vestlandspasienten.no finn du «Personleg helsearkiv». Her vil du kunne sjå meldingane du har sendt til sjukehuset og etter kvart også meldingar og innkallingsbrev som du får frå sjukehuset.

​​​​Det er viktig at du som pasient aktiverer Personleg helsearkiv, slik at du kan bruke dei digitale tenestene på Vestlandspasienten fullt ut. Dersom du ikkje har aktivert personleg helsearkiv, kan du ikkje sende melding til sjukehuset.

Det vil seie at det her ikkje er snakk om å reservere seg, men å gi samtykke i forkant.

Slik gir du samtykke til personleg helsearkiv​

Finn all informasjon på vestlandspasienten.no