Spørsmål og svar om beredskap i en pandemi

Korleis jobbar vi for å gje god og trygg helsehjelp under pandemien? Her har vi svart på spørsmål mange lurer på. 



​Beredskap og pandemi​​​


 

​Kvifor må sjukehusa i beredskap når talet på i​​nnlagde ko​​ronapasientar aukar?

Dette er samansett – og handler ikkje berre om talet på innlagde pasientar med korona. Det har også samanheng med andre infeksjonar, som RS-viruset sist haust, og at tilsette òg kan bli sjuke. Akkurat no er sjukefråværet høgt.

Kvar einaste medarbeidar på eit sjukehus er viktig for at hjula skal gå rundt. Det er som eit stort puslespel, der kvar brikke i dette puslespelet er spesialiserte og kan vere vanskelege å erstatta. Funksjonane i eit sjukehus er ofte så spesialiserte at sjølv om vi har over 30 000 medarbeidarar på sjukehusa i Helse Vest, så kan dei enormt mykje om sine fagfelt – og det er dermed ikkje så lett med ei rask opplæring i alle fag.

I ein normalsituasjon er sjukehusa også i full drift. Vi er for eksempel vande med frå før å ta ned talet på operasjonar under dei årlege influensatoppane. Det sit ingen tilsette på ein innbytarbenk, klare til å ta over. For at pasientar med korona skal få trygg og god behandling, må spesialiserte medarbeidarar – som til vanleg jobbar med andre ting på sjukehuset – som til dømes intensivlegar og -sjukepleiarar, flyttast frå det dei driv med i ein normalsituasjon og over til å behandle koronapasientane.

Beredskap handlar om at me skal vere best mogleg førebudde på å takle det som kjem. Den ekstra belastninga på sjukehusa som koronavirus no er – saman med sjukefraver blant medarbeidarar og andre infeksjonar, gjer at me må auke beredskapen. Me gjer det for å vere førebudde på å gi den gode og trygge helsehjelpa til dei som treng det – ​ òg under ein pandemi.​

​​​​​Får eg hjelp om eg ​​​​blir sjuk og treng sjukehusbehandling under pandemien?

​Er du sjuk og treng akutt hjelp, vil du alltid få det. Men slik det er no, med stort press på helsetenestene, vil dei sjukaste bli prioritert. Det vil ikkje seie at du ikkje får hjelp, men det kan bety at det vil ta noko lengre tid før du får behandling. Slik er det også i ein normalsituasjon, fagfolk på sjukehusa vil prioritere kven som er så sjuke at dei må leggjast inn og kven som får tilstrekkeleg god hjelp utanfor sjukehusa.

Korleis jobbar vi for å vere rusta til å takle pand​emien? 

​I sjukehusa jobbar vi etter det vi kallar proaktiv beredskapsleiing. Heile poenget med beredskap er å vere så tidleg i forkant av ei uønskt hending som mogleg, slik at vi er best mogleg førebudde på det som kjem. Proaktiv beredskapsleiing vil seie at vi førebur oss på “worst case scenario”. Difor kan ord som krise og katastrofe vere i bruk i ei proaktiv tilnærming. Det er det vi førebur oss på, i eit verste fall.

Sjukehusa er, i ein normalsituasjon, også ein stor beredskapsorganisasjon, fordi det til dømes skjer fødslar og akutte hendingar heile året, kvar einaste dag. Dette er sjukehusa førebudde på å ta imot – nettopp fordi beredskap er ein del av drifta.

Kvart sjukehus har detaljerte beredskapsplanar heilt ned på avdelingsnivå. Det vil seie at avdelingane veit kva dei skal gjere i ulike situasjonar. Dei har ulike mål, som til dømes tal frå drifta som dei kan følgje med på og styre beredskapsnivåa etter. Beredskapsplanane blir kontinuerleg forbetra etter å ha vore testa ut. I koronapandemien har sjukehusa gått gjennom planane sine grundig, mange gonger, og gjort dei betre. Å heile tida kunne forbetre seg er eit grunnleggjande prinsipp alle i sjukehusa jobbar etter.​​

Kva betyr det at alle helseføre​taka er i beredskap?

​God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi øver kontinuerleg på.

Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering. Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.

Les meir: Regional helseberedskapsplan for Helse Vest 2019 – ​2021 (PDF)

Kva betyr beredskapsnivåa grøn, gul og raud?​​

​Grøn beredskap er det lågaste nivået. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. 

Gul beredskap vil seie at det er ein situasjon må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak. Når Helse Vest set gul i beredskap under pandemien gjer vi det for å sikre at vi forstår situasjonen kontinuerleg og kan støtte helseføretaka våre. 

Ved raud beredskap har ei alvorleg uønskt hending skjedd og/ eller det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. 

Ordet krise blir mykje brukt under pandemien. Men kva er eigentleg krise i eit sjukehus?

Medarbeidarane våre handterer små og store kriser kvar einaste dag, uavhengig om det er pandemi eller ikkje. Beredskap vil seie å vere førebudde på det som kan kome, for på den måten å hindre at konsekvensane blir for store for både pasientar og tilsette. Når uønskte hendingar skjer, har vi planar for å handtere det og difor trener vi også jamleg på scenario som kan kome i framtida, for å vere budde.

Dei rundt 50 innlagde koronapasientane på sjukehusa i Helse Vest no i midten av desember 2021, er heilt klart krevjande for tilsette som jobbar i front med korona. Men det er ikkje dermed sagt at det ein vil kalla det krise for sjukehuset. Delar av aktiviteten held fram stort sett som normalt.

Om vi skulle eskalere det og det blir snakk om mange hundre koronapasientar på sjukehusa i Helse Vest – ja, då kan vi kalle det ei krise for heile sjukehuset. Då vil talet på koronapasientar vere så høgt at det kan gå ut over store delar av dei andre behandlingane som vert gjevne på sjukehusa. I så fall vil vi måtte gjere ekstraordinære tiltak og prioritere annleis enn vi normalt gjer.

Korleis hjelper sjukehusa kvarandre?​

​Sjukehusa har ein god kultur for å vere i kontinuerleg kontakt og avlaste kvarandre når det trengst. Fagfolk og leiing deler erfaringar og sparrar rundt ulike problemstillingar jamleg, året rundt. Denne kontakten vert auka i ein beredskapsituasjon og treffpunkta vert fleire og hyppigare. Forutan dette vert det omrokert internt på det enkelte sjukehuset når det trengst.

Det vil seie at sjukepleiarar til dømes vert flytta frå si faste avdeling til avdelingar dei vanligvis ikkje jobbar ved for å avlasta der det trengst mest. Nabosjukehus hjelper kvarandre anten ved å flytte pasientar eller personell, eller ved å endre fordeling av nye pasientar mellom sjukehusa når det vert bestemt kvar desse skal leggjast inn. Dei større sjukehusa, som har meir kapasitet enn dei mindre kan også, som eit døme, ta i mot fleire pasientar.

 

Operasjonar og aktivitet 

Kvifor vert enkelte tima​​r og operasjoner utsette i pandemien?

Det kjem mellom anna av at fleire koronapasientar vert lagde inn ved sjukehusa, samtidig som smitten i samfunnet aukar kraftig. I tillegg er mange tilsette i karantene, sjuke sjølve eller heime med sjuke born. For å kunne handtere situasjonen, vert deler av den planlagde kirurgiske aktiviteten redusert. Ved å redusere planlagd aktivitet for dei som kan vente, spesielt for større kirurgiske inngrep, kan sjukehusa frigjere sengeplassar, ressursar og helsepersonell som trengst for å behandla pasientar med alvorleg covid-19.

Kva betyr «nedtrekk av aktivitet»?​

​Nedtrekk av aktivitet betyr at sjukehusa utset noko av det dei har planlagt, for å kunne setje inn det som trengs av innsats på det som er akutt og som ikkje kan venta. Det betyr ikkje at ein gjer mindre, men må jobbe annleis. Målet er å gje trygg og god helsehjelp til dei som treng det, òg når sjukehusa er i beredskap, som under pandemien.

 

​Vaksinering 

Kvifor er det lurt å vaksinera seg?​​​

​Tal fra regionalt intensivnettverk i Helse Vest visar at i november og desember 2021 har det ikkje vore nokon fullvaksinerte pasientar uten underliggjande sjukdommar som har trengt respiratorbehandling for covid-19 ved intensiveiningane på sjukehusa i Helse Vest. ​

Tal frå FHI viser​ at det er ein klart større del av uvaksinerte som treng behandling på sjukehus. I november vart 12 av 100 000 uvaksinerte innlagde, medan det var eit snitt på kun 1,5 av 100 000 vaksinerte. I tillegg er medianen på alderen høgare på dei vaksinerte. Medan den er 78 år på vaksinerte, er den på 47 år på uvaksinerte. ​

Kor mange av dei tilsette er vaksinert?

​Sjukehusa i Helse Vest jobbar systematisk med å vaksinera over 30 000 medarbeidarar. Per 15. desember 2021 har nær 100 prosent av medarbeidarane på sjukehusa i Helse Vest fått fyrste dose med koronavaksine. Det vil seie 32 791 medarbeidarar av til saman 32 878. Over 40 prosent har allereie fått dose tre.

Det er også viktig å hugse på at talet ikkje kan bli nøyaktig hundre prosent, for nokre medarbeidarar skal ikkje ta alle dosane – til dømes dei som allereie har vore smitta med korona. Og det er framleis nokre som vel å ikkje ta vaksinen.

Les meir i denne saka frå 15. desember om vaksinestatusen: Så mange medarbeidarar er vaksinerte på sjukehusa på Vestlandet

​​Intensivkapasitet​​

Korleis er Norge samanlikna med resten av verda på intensivbehandling?​

Under pandemien er det færre pasientar som har vore nøydde å få intensivbehandling og som har døydd i Norge samanlikna med andre land.

Kven vert lagt på intensivavdeli​​nga? 

Dersom du vert kritisk sjuk, er det på intensivavdelingane på sjukehusa du vil bli behandla og overvåka. Du vert definert som kritisk sjuk om du har svikt i eitt eller fleire vitale organ på grunn av alvorleg ulukke, operasjon eller alvorleg sjukdom. Pasientar på intensivavdeling krev kontinuerleg overvaking med avansert teknisk utstyr – og ofte med hjelp frå respirator.

Dette er pasientar som er så sjuke at de treng å bli overvaka heile døgnet. Om ein fordeler intensivsjukepleiararne ut over pasientane, vil det vere i snitt 1,5 som har oppsyn med kvar pasient, natt og dag.

​Når pasienten får respiratorbehandling, treng dei hjelp til alt. Alle kroppslege funksjonar blir dermed tekne hand om av maskinar og intensivsjukepleiarar. I motsetning til mindre kritisk sjuke pasientar, som får jamleg tilsyn, men ikkje heile tida, vert intensivpasientar overvaka absolutt heile tida.

Kor mange intensivsenger finst i Helse Vest i dag? 

I ein normalsituasjon har vi 57 intensivplassar på sjukehusa​ i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger, Helse Bergen og Haukeland Diakonale Sykehus

I januar 2022 samla Helse Vest oppdaterte tal for auke av intensivkapasiteten i Helse Vest. Dersom behovet skulle oppstå som følgje av pandemien, er det mogleg å auke talet på intensivplassar på sjukehusa i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Bergen og Helse Stavanger frå 56 til 106. 

I april 2020 laga Helse Vest planar for å handtere ein auke i behovet for​​ intensivplassar knytt til koronapandemien.​ Dette var plassar som ikkje svarte til ein fullskala intensivplass og berre dekte eit behov ved ein større pandemi og eit veldig stort behov.

​​Kva er gjort dei siste to åra for å auke kapasiteten?  

Sjukehusa i Helse Vest har laga planar for å kunne handtere ein kraftig auke i behovet for intensivplassar knytt til koronapandemien. I ein normalsituasjon har vi 57 intensivplasser på sjukehusa i​ Helse Vest. Tal frå januar 22 visar at me kan auka desse til 106. Ei vesentleg auke i talet på plassar vil bety at standarden vil bli lågare – og at ressursane må takast frå andre delar av sjukehusa i ein slik situasjon – noko som sjølvsagt endrar kapasiteten totalt sett.

​I ein situasjon med fullskala drift, må vi òg trekke inn andre grupper av medarbeidarar som har kompetanse som er verdifull, særleg dei som jobbar med anestesi. Då må me rokera på tilsette. I ei normal drift vert det jamleg gjennomført opplæring for at medarbeidarar skal kunne gjera andre oppgåver enn dei de gjer vanlegvis. Når det er sagt, kan ikkje ei så stor belastning handterast over lang tid. Dersom ein skal maksimera intensivkapasiteten, får det store følger for andre pasientgrupper som skal ha behandling for andre alvorlige sjukdommar forutan covid-19. 

I starten av pandemien var det mangel på smittevernutstyr, respiratorar, lokale, forbruksmateriell og liknande, men dette vart raskt tatt tak i og jobba med regionalt. Etter kvart vart difor ikkje lenger mangel på utstyr utfordringa, men mangel på kompetente medarbeidarar.

Det vart gjort fleire tiltak ved sjukehusa i starten av pandemien, for å rusta oss best mogleg for å takle covid-19. Føretaka bygde til dømes om eksisterande avdelingar for å handtera pågangen av pasientar, slik at dei fekk moglegheit for å  ha eigne pandemipostar for covidpasientar. 

Fleire av helseføretaka i Helse Vest byggjer nye sjukehusbygg. Byggplanane har blitt endra der det er mogeleg med tanke på framtidige pandemiar.

Utdanning av helsepersonell er ei av hovudoppgåvene til sjukehusa, og det skjer kontinuerleg. Det krev både tid og ressursar. Det kan kanskje vere lett å tenke at nesten to år i ein pandemi er lang tid, men det tek både tid og ressursar å utdanna spesialisert helsepersonell. 

Helseføretaka gjorde ei grundig kartlegging av medarbeidarane, for å sjå korleis vi kunne lage best mogleg beredskapsplanar med og for dei medarbeidarane som jobbar ved sjukehusa. Det vart mellom anna kartlagt kor mange intensivsjukepleiarar føretaka har som ikkje jobba i faget. I tillegg såg dei på kven som kunne få kompetanseheving, og dermed gå inn og avlaste noko på intensivavdeling ved behov. 

Per desember 2021 er det gjennomført over 73 000 enkeltdeltakingar på ulike kurs og kompetansetiltak undervegs i covid-19 pandemien på sjukehusa i Helse Vest - som tiltak for å byggje, halde vedlike eller trene medarbeidarar for moglege scenario. 

I tillegg utdannar føretaka helsepersonell kontinuerleg, blant anna intensivsjukepleiarar. Frå pandemien starta og til no har talet på ferdigutdanna intensivsjukepleiarar auka frå 48 personar i 2019 til 68 personar som blir ferdige i 2022. Dette er samla tal for alle føretaka i Helse Vest. 

Les nyhetssak fra januar 2022 om intensivkapasitet.

Kan vi vera trygge på at intensivavdelingane har kapasitet framover?  

Vi har gode beredskapsplanar for å kunne handtere ein kraftig auke i behovet for intensivplassar knytt til koronapandemien.

I ein normalsituasjon har vi 57 intensivplassar på sjukehusa​ i Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen. Desse kan me auka til 106. 

Les nyhetssak fra januar 2022 om intensivkapasitet.

​​Kor mange respiratorer hadde vi på Vestlandet før og no?

​Totalt har sjukehusa 350 respiratorar, og då er ikkje anestesimaskinar medrekna. Sjukehusa i Helse Vest hadde per 15. mars 2020 totalt 115 intensivrespiratorar, i tillegg til 48 anestesimaskinar som kan brukast som respiratorar over ei avgrensa tid. Det er per desember 21 kjøpt inn 235 nye respiratorar under pandemien.

​ 
Pasientar og tal på senger på sjukehusa (belegg) 

​Er det ei øvre grense for kor mange innlagde eit sjukehus kan ha?  

​Kor mange pasientar som er innlagde på sjukehusa, såkalla belegg, varierer frå dag til dag – og det vil variera gjennom eit år. Det er ikkje uvanleg at det er eit høgare belegg om hausten og vinteren med meir sjukdom, og det er òg sjukehusa førebudde på.

​IT-system som går på tvers av regionane, slik at personalet får tilgang til fullstendige pasientopplysingar uansett kvar i regionen pasienten vert innlagd, er òg viktig for å kunne avlasta kvarandre utan at det reduserer sikkerheita for pasienten.

​Kva er anbefalt nivå på kor mange pasientar det bør vere i sjukehusa?

Det er sjukehusa som vurderer om drifta er forsvarleg, men både avdelingar, sjukehus og kommunar samarbeider ekstra godt i periodar der det er mange innlagde pasientar. Vi ser òg at sjukehusa er raske til å redusera planlagd aktivitet når det er ekstra mykje behov for akutt hjelp. Det er ingen situasjonar som er like, og det kan vere mange grunnar til at det er fleire pasientar i periodar.

Korridorplassar og såkalla overbelegg er ikkje noko me ynskjer, men det er lite nyttig å ha faste tal og ei fastsett grense for korleis dette vert handtert. Konsekvensane av mange pasientar avheng igjen av kor store behov kvar og ein pasient har. Det kan ein ikkje lesa åleine ut frå prosentvis tal på kor mange av sengeplassane som er opptatte, såkalla belegg.

Pasientar kan ha spesielle behov, som gjer at dei til dømes treng meir plass når dei er smittsame eller er særleg mottakelege for smitte og må ha beskyttande isolasjon. Eit auka tal på pasientar kan gjelda eit fagområde, slik at det vert eit lokalt utfordring – ​ sjølv om det samla belegget ikkje er høgt. Då samarbeidar gjerne avdelingane i sjukehuset, slik at dei kan avlaste kvarandre.


Fann du det du leitte etter?