Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2020

Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2019 kl. 23:59:00. Vedtak om tildeling kjem 28. november 2019. 


Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje Helse Vest sine forskingsmidlar. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2020, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.

Søknadsskjema 

I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengeleg på engelsk.


For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidligare, sjå presentasjon av eSøknad.

Søknadskategoriar og retningslinjer

I tillegg til dei generelle retningslinjene for Helse Vests forskingsmidlar, er det utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som desse retningslinjene gir. Kva for søknadskategoriar som er aktive i denne utlysinga, kjem fram på utlysingssida.

Vær merksam på følgjande:

  • For å kunne søkje Helse Vest sine forskingsmidlar direkte (det vil seie utan forankringsavtale), må søkjar vere tilsett i minimum 20 % stilling i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest.

  • Lengda på postdoktorstipend er avhengig av gjennomføring av utanlandsopphald. I utgangspunktet kan ein søkje om 2 ½ år, 100 % (5 år, 50 %). Dette kan utvidast med 6 eller 12 månader dersom ein gjennomfører utanlandsopphald i same lengd. Denne ordninga gjeld for postdoktorstipend tildelt frå og med 2017. Sjå eigen søknadskategori for utviding av stipend.

  • Maks søknadsbeløp for søknadskategorien Open prosjektstøtte er 1,5 mill. kroner per år i inntil 3 år.

  • Det er opna for tildeling av eitt karrierestipend. Aldersgrensa for å søkje stipendet er 45 år. Det er ikkje krav om eigenfinansiering frå søkjarinstitusjon.

  • Søknadskategorien klinisk forskarstipend gjeld for søkjarar med helsefagleg utdanning som er tilsett i minimum 50 % stilling i eit føretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest. Aldersgrensa for å søkje stipendet er 50 år.

Kvalitet og nytte

Søknader til Helse Vest vert vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkelig for tildeling av midlar.

Dei 4 regionale helseføretaka har utarbeidd felles kriterium for kvalitet og nytte. Det er gjort strukturelle endringar i vurderingskriteria før denne søknadsrunden, sjå meir i Formål og kriterium.

Brukarmedverknad i forsking

Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom å involvere brukarar i ein eller fleire deler av prosjektet. Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt.

Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling. Manglande brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil trekkje ned i vurderinga av søknaden.

Obligatoriske vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til den elektroniske søknaden: 1) Prosjektframstilling og 2) Andre vedlegg (kva for vedlegg som er påkravd her, er avhengig av søknadstype, sjå rettleiing i skjemaet). Vedlegga må være i PDF-format. 

Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadstypar. 

CV og publikasjonsliste er del av «Andre vedlegg». Merk at CV-en helst ikkje bør overstige to sider, sjå også forslag til CV-mal.

Merk elles at…

  • For søknader om doktorgradsstipend: Minst ein av rettleiarane skal vere tilsett ved eit universitet eller høgskule i regionen.

  • Personell finansiert av midlane skal tilsettast i søkjarinstitusjon.

  • Forskingsmidlane skal tildelast og handterast av regionens helseføretak og private, ideelle institusjonar (altså søkjarinstitusjonane).

  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til.

  • Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, overordna prinsipp og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer.

  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane.

  • Helse Vest oppmodar til publisering i tidsskrift med open tilgang. Om kostnader til slik publisering ikkje blir dekt gjennom eigen institusjon, kan driftsmidlar nyttast til å dekke kostnadane. 

Vedtak om tildeling

Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte torsdag 28. november 2019. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette.

Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking om du har spørsmål.

Fann du det du leitte etter?