Helse og arbeid – rehabilitering

Helse og arbeid hovudside

Arbeidsretta behandling i sjukehusa

Etter omlegginga av raskare tilbake-ordninga vil det framleis vere tverrfaglege, kunnskapsbaserte og arbeidsretta behandlingstilbod i sjukehusa. Tilbod for personar med muskel- og skjelettlidingar vil utgjere ein viktig del av dette tilbodet.

Sjukehusa har meir informasjon om tilboda og tilvising til desse:

Helse Førde, Førde sentralsjukehus Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus Helse Fonna, Haugesund sjukehus ​Helse Stavanger, Stavanger universitetssjukehus​​​​​​

Arbeidsretta behandling hos dei private med avtale

Private rehabiliteringsinstitusjonar med avtale gir eit tilbod om rehabilitering med arbeid som mål. Arbeidsretta behandlingstilbod til personar med muskel- og skjelettlidingar utgjer ein viktig del av dette tilbodet.

Institusjonane er:

Oppfølgingsenheten Frisk i Randaberg Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler LHL-klinikkene Bergen LHL-klinikkene Nærland​ Åstveit Helsesenter i Bergen​​​

Tilvising til private rehabiliteringsinstitusjonar

Les meir om habilitering og rehabilitering

 
 

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.