Kva gjer du dersom du trur at nokon har sjølvmordstankar?

Er du bekymra for nokon, så sei det til vedkommande på ein konkret og tydeleg måte. Trur du han eller ho kanskje har sjølvmordstankar, bør du spørje direkte om det. Spørsmålet ditt kan redde liv.

Kristoffer Joner, selvmordskampanje. Foto.
 

Ikkje ver redd for å spørje

Det kan vere skummelt og ubehageleg, men det er ikkje farleg. Det er ikkje noko som underbyggjer at det er farleg å snakke om sjølvmord, eller at det kan forsterke tanken om sjølvmord. Det er ein myte.

Spør direkte

Ikkje still spørsmålet på ein unnvikande måte. Du skal vere tydeleg, men ikkje klandre eller dømme. Vis at du bryr deg. Ikkje ver redd for å seie noko feil, og prøv å lytte meir enn du snakkar.

Her er nokre forslag til korleis du kan formulere deg:

  • Du seier du er lei av alt. Er det sånn at du har tenkt å ta livet ditt?
  • Tenkjer du på sjølvmord av og til?
  • Eg er bekymra for deg, det verkar som om du har det veldig vanskeleg. Er det så ille at du har tenkt tanken på å ta livet ditt?
  • Eg seier dette fordi eg bryr meg om deg – har du tankar om sjølvmord?

Lytt og ver open

Å lytte, tore å snakke og vise støtte verkar beskyttande. Menneske med sjølvmordstankar kan ofte sjå på seg sjølve som ei byrde for andre og deler ikkje tankane sine med nokon. At andre høyrer og ser desse menneska kan redde liv.

Søk hjelp

Prøv å få eit inntrykk av kor akutt situasjonen er, og om du bør kontakte legevakt eller fastlege.

Hjelpetelefonar og anna hjelp

Kva gjer du dersom nokon fortel deg at dei har sjølvmordstankar?

Velg å leve – hovudsida for denne kampanjen

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.