Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal leggje til rette for god behandling, betre samhandling, klare ansvarstilhøve og gode overgangar. Pakkeforløpa er utvikla i samarbeid med ulike fagmiljø og brukarorganisasjonar.

jente som tenker
 
 

 

Pakkeforløpa gjeld for ein stor del av pasientane innanfor psykisk helse og rus:

Utgreiing og behandling av barn og unge Utgreiing og behandling vaksne Tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Det er også utvikla fleire pakkeforløp for tilstandsspesifikke forløp som for eksempel psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar.

Oversikt over alle pakkeforløpa og retningslinjer (Helsedirektoratet)Meir om kva pakkeforløpa inneber for deg som pasient eller pårørande (helsenorge.no)

Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus

  • Auka brukarmedverknad og brukartilfredsheit
  • Samanhengande og koordinerte pasientforløp
  • Unngå fagleg ubegrunna ventetid for utgreiing, behandling og oppfølging
  • Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet dei bur
  • Betre varetaking av somatisk helse og gode levevanar

Regionale lanseringskonferansar

For å få til ei god innføring av pakkeforløpa, arrangerer dei regionale helseføretaka lanseringskonferansar saman med helseføretaka og sentrale aktørar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og brukarorganisasjonane.

Lanseringskonferansar i Helse Vest:

  • Bergen: 15. oktober
  • Stavanger: 16. oktober
  • Førde: 23. oktober

Konferansane gir ei kort innføring i innhaldet i pakkeforløpa, inkludert forløpskoordinering, forløpstider og koding. Det blir lagt vekt på brukerperspektivet, samhandling og praktisk gjennomføring.

Lanserings- og implementeringskonferansane rettar seg mot:

  • leiarar og relevante fagpersonar i helseføretaket
  • fastlegar, leiarar og koordinatorar innanfor psykisk helse og rus i kommunane
  • brukar – og pårørandeorganisasjonar innanfor psykisk helse og rus

Implementeringsplanar

Nasjonal implementeringsplan pakkeforløp for psykisk helse og rus Regional implementeringsplan pakkeforløp for psykisk helse og rus
Fann du det du leitte etter?