Råd til deg med sjølvmordstankar

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og du kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng du hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe deg.

mann bekymret
Illustrasjonsfoto

Det er ikkje uvanleg å ha sjølvmordstankar. I løpet av livet vil dei aller fleste av oss oppleve at ein ikkje strekk til. 

Dette er spesielt vanleg i forbindelse med belastning og påkjenning, som for eksempel ved samlivsbrot, konflikt, sjukdom eller utfordringar i arbeidslivet. Då er det ikkje unormalt å føle skuld eller få tankar om døden og at livet ikkje er verdt å leve. Det er ikkje eit teikn på svakheit, men eit teikn på at livet ikkje er slik det bør vere, og at det trengs endring for å få det betre.

 


Snakk om det

Vær open og ærleg om korleis du har det. Då er det enklare for andre å forstå deg og hjelpe deg. Husk at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Det å snakke om tankane dine kan hjelpe deg med å finne løysingar og få trøyst og støtte. Snakk gjerne med nokon du stoler på, for eksempel eit familiemedlem, ein nær ven eller fastlegen din.

Tips til korleis du kan fortele om tankane dine

  • Bekymringane har toppa seg. Eg har vanskar med å sjå korleis eg skal finne løysningar. Eg tenkar at eg ikkje orkar å leve lenger.
  • Eg føler meg som ein byrde og at alt er mi skyld. Eg skammar meg og tenker det hadde vore betre for alle om eg ikkje var her lenger.
  • Eg kjenner på at eg ikkje strekk til og har tankar om å ta livet mitt.
  • Eg har det veldig vanskelig no. Nokre gonger tenker eg at livet ikkje er verdt å leve. 
  • Eg har hatt det tøft den siste tida og har begynt å få sjølvmordstankar. 

Søk hjelp

Det er mange som kan og vil hjelpe. Fastlege eller legevakt bør vere det første steget, men det kan òg vere helsesøster på skulen. 

Er det overhengande fare for at du vil skade deg eller ta livet ditt? Då skal du ringje 113. Naudetaten er godt rusta til å hjelpe deg i ein slik situasjon, og kan sette deg i kontakt med profesjonell hjelp. 

Hugs at sjølv om alt kjennes mørkt og tungt no, så vil det ikkje alltid vere slik. Vi kan ikkje love deg at alt det vanskelege vil forsvinne, men ofte blir det betre. Å snakke om sjølvmordstankar er noko av det modigaste du kan gjere. Det er mange som vil og kan hjelpe og det er god hjelp å få.

Hjelpetelefonar og anna hjelp

  • Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommunen eller i spesialisthelsetenesta

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117

  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113

  • Mental Helse: 116 123

  • Røde Kors: 800 33 321

  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

  • helsenorge.no - hjelp ved sjølvmordstankar

Hjelp til unge på nett

Sosiale media er ein naturleg og integrert del av livet til dei fleste barn og unge i Noreg. Barn og unge kommuniserer også mykje seg imellom på internett om både det som er bra og det som er vanskeleg. NSSF har omsett og tilpassa rettleiaren #chatsafe, som inneheld tips og verktøy for korleis unge kan snakke om sjølvmord på ein trygg måte på internett.

#chatsafe
 
 

Snakk om sjølvmordstankar – hovudsida for denne kampanjen

Fann du det du leitte etter?