Velg å leve

Å snakke om sjølvmord er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord.

Kristoffer Joner, mørk bagrunn. Foto.
 

Mange er redde for å snakke om sjølvmordstankar, og det finst mange mytar. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er ikkje farleg å spørje, men vi må vere førebudde på å tole å høyre svaret.

Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Teikn på at ein person kan ha sjølvmordstankar

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.

 

Fareteikn kan vere at den det gjeld ...

  • verkar tristare og endrar oppførsel utan nokon spesiell grunn
  • kjenner seg verdilaus og som ei byrde for andre
  • snakkar om at livet ikkje er verdt å leve, og manglar håp for framtida
  • er uvanleg oppteken av døden som tema
  • brått fokuserer på økonomiske plikter som testament, forsikringar og lån
  • bruker meir alkohol, medisinar eller narkotika enn før
    oppfører seg annleis enn før

Kva gjer du dersom du trur at nokon har sjølvmordstankar?

Kva gjer du dersom nokon fortel deg at dei har sjølvmordstankar?

Hjelpetelefonar og anna hjelp

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
  • helsenorge.no - hjelpeside
Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.