Raskare tilbake

Er du sjukmeld eller står du i fare for å bli det? Då kan du kanskje få tilbod om raskare behandling gjennom ordninga Raskare tilbake.

​​​​​​​​​​​​​Det er fastlegen din, eller andre som kan tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, som skal vurdere om du kan komme raskare tilbake i jobb gjennom tilvising til spesialisthelsetenesta.

Ordninga gjeld innanfor:

  • somatikk
  • psykisk helsevern
  • tverrfagleg spesialisert rusbehandling
  • rehabilitering og habilitering

Det finst Raskere tilbake-tiltak i alle fylke, men innhaldet i tiltaka kan variere.​

Sjukehusa gir deg mykje informasjon om Raskere tilbake for dei ulike behandlingane, og informasjon om tilvising.

Raskare tilbake i sjukehusa

Helse Førde - Førde sentralsjukehus Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus Helse Fonna - Haugesund sjukehus Helse Stavanger - Stavanger universitetssjukehus

Raskare tilbake hos private med avtale

Rehabilitering Rusbehandling Somati​kk (fysisk helse)