Avvising av søknadar

Søknadar som ikke oppfyller krava i utlysinga kan bli avviste. 

Prosjektleiar (søkjar) må derfor sikre at søknaden er komplett og at alle formatkrav er overhaldne.


I tabellen under er det lista opp årsaker til at søknaden blir avvist.


​Grunnlag for avvising
​Helse Vests kommentar og føringar
Søknadsfrist​​Søknaden er forsøkt levert inn etter at søknadsfristen er utløpt.

​Databasen blir stengd automatisk. Søknaden kan ikkje ettersendast på e-post.
​Ikkje komplett søknad
​Søknaden manglar obligatoriske vedlegg, eller at vedlegga ikkje er i henhold til krava.
​Vedlegg kan ikkje ettersendast per e-post etter at søknadsfristen er utløpt. Sjå retningslinjer for aktuell søknadskategori for informasjon om kva vedlegg som er obligatoriske.
​Forankring 
​Søkjar er ikkje tilsett i minst 20 prosent stilling ved eit helseføretak/privat, ideell institusjon, og det føreligg ingen gyldig forankringsavtale.
​Jf. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar.
​Forankring for doktorgradsstipend
​Korkje stipendiat, hovudrettleiar eller prosjektleiar er tilsett i minst 20 prosent stilling ved godkjend søknadsinstitusjon, og det føreligg ingen gyldig forankringsavtale.
​J​f. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar, og retningslinjer for doktorgradsstipend.
​Forankringsavtale
​Riktig versjon av forankringsavtalen er ikkje brukt.
​Det blir laga ny mal for forankringsavtale for kvar utlysing, og den kan lastast ned frå nettsidene til Helse Vests.

​Forankringsavtalen manglar gyldige underskrifter.
​Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktstrukturen i instutusjonane, og skal vere minimum på nivået klinikkdirektør, instituttleiar o.l.
Særleg for Doktorgradsstipend
​Kandidaten har ikkje avlagd mastergrad på søknadstidspunktet.
​Ved søknader om doktorgradsstipend skal vitnemål og karakterutskrift frå masterutdanninga leggjast ved søknaden, og er som følgjer ein del av vurderinga. Kandidaten skal derfor ha avlagd mastergrad før søknad om doktorgradsstipend blir sendt inn. Jf. retningslinjer for doktorgradsstipend.
Særleg for Postdoktorstipend
Det blir ikkje gitt stipend dersom kandidaten tidlegare har hatt postdoktorstipend ved ein institusjon i regionen.
​Jf. retningslinjene for postdoktorstipend.
Særleg for Open prosjektstøtte
​​Søkjar (prosjektleiar) har ikkje avlagd doktorgrad.

​Jf. retningslinjene for open prosjektstøtte.



​Det er søkt om eit høgare beløp enn maks tillat for denne kategorien, 
​Jf. retningslinjene for open prosjektstøtte

Fann du det du leitte etter?