Felles forskingsutstyr

Det er laga ei oversikt over utstyr eigna for forsking og som er felles for forskarar i Helse Vest. Lista inneheld opplysningar om:

  • type/namn på utstyret
  • kor utstyret er
  • kven forskaren kan ta kontakt med for å låne utstyret

Denne lista gjer det lettare for deg som forskar å søkje etter utstyr eigna til nettopp di forsking. ​Du kan nytte søkjetermar som utstyrsnamn, helseføretak, og kva du bruker utstyret til (f.eks. MR eller ultralyd​).​

Sjå komplett liste over forskingsutstyr

Forskingsstruktur i regionen

Samarbeidsorganet si forskingssatsing skal byggje på og vidareutvikle regionens kompetanse og infrastruktur slik at regionen kan stå fram som ein samla og sterk forskingsaktør.

Det skal vere lik tilgang til, sambruk av, og samarbeid om infrastruktur mellom helseføretaka og forskingsinstitusjonane.

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.